Her vil det koma korte meldingar. Dei vert sett inn etter dato:

ÅRSMØTE MATRE IDRETTSLAG TORSDAG 20. FEBRUAR 19.00 PÅ BAUGSTRANDA BYGDAHUS.

Saker du vil ha opp på årsmøtet, må vera leiar i hende seinast tre dagar før møtet på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.   tlf 99428732.

SAKER:

  • Årsmelding   2019
  • Utmelding av Norges volleyballforbund
  • Rekneskap
  • Val
  • Andre innkomne saker

Årsmelding Matre IL 2019

Styret har vore:

Leiar: Bjørn Rune Bergane

Nestleiar: Lars Emil Berge

Kasserar: Gunnhild Jegteberg

Styremedlem: Kjartan Hegland

Styremedlem: Else Marie Vika

Styremedlem: Magnhild Furdal

(Revisor er Terje Øverland)

Det har vore 4 styremøte i 2019 med til saman 20 saker. Solglimt arrangerte påskebingo, der MIL delte ut premiane for Røyskattrimmen. Det var mykje folk på bingoen.

Røyskattrimmen har no vara i 28 år, og no tel folk opp sine turar sjølve på vedlagte skjema. I 2019 er det cirka 35 personar som har klart krava, i 2018 var det om lag 40. Bøkene ligg ute heile året, men 1. november stoppar teljinga. Det er flotte premiar, som blir trekte på basar Baugstranda fredag 28. februar 2020! (Har du forsømt deg med innlevering av skjema, så kom med det!)

MIL arrangerte Vikakraftløpet, eit samarbeid med Vika Kraft i deira 10-års-jubiléum. Det var bra med folk, god grillmat og flotte premiar!

Åkraløpet samla også dette året mange deltakarar, men det har minka litt i løpsklassa. Dette har nok med at det er “tynnare” med barn og ungdom i området no. Det nærmar seg 30-årsjubiléum!

Parallelt med Åkraløpet var det tradisjonen tru også sandvolleyballturnering. Den er populær!   Me arrangerte dugnad på banen veka før, saman med dei andre eigarane.

Det store arrangementet dette året var opninga av Bygdavegane i august. Over 100 menneske var involverte i arrangementet, og det var mykje skryt å få. Åkra bygdalag stod for matservering og meir!

Kjell Eikemo har har vore dugnadssjef og Edmund Berge/ Bjørn Rune Bergane har utforma tekstar og bilete på dei 10 tavlene på turen. Det har vore mykje arbeid med løypa, og det er gledeleg å sjå at bruken er god, av folk frå både fjern og nær. Det fine med traséen er at du kan ta ein bit om gongen.

Matre IL har eit flott “treningsrom” på Baugstranda. Sjå vedlegg!

Matre IL støttar idrettsaktivitet i nærområdet.

Me er også deleigarar i Fjellhaugen skisenter, men me har ikkje hatt oppgåver der dette året.

Takk til alle som har gjort ein innsats for MIL i 2019. Me treng medlemmer!

Har du lyst til å gjera noko for oss, ta kontakt!


 

GARDSHUS TIL LEIGE
Me søker etter unge folk, gjerne med barn, som kan tenka seg å leiga gardshuset vårt i Åkra etter nyttår. Huset er frå 1893, men er nyrestaurert. Det er 3 soverom og moderne kjøken.
Leiga blir billeg for dei rette folka! Det er høve til å stella sau og dyrka litt. Det er barnehage og skule i bygda.
 Ring Marit (47874514)  eller Bjørn Rune (99428732).

 

img417 591x800

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Vaksentrening

Det blir vaksentrening (kondisjon, styrke, leik og moro på) Åkra skule tysdagar framover.

Start 13/9 klokka 19.30. Alle er hjarteleg velkomne.

BR

 

Vangssago.

Åslaug Snilstveit i Salikat Design har laga ein flott heimeside til oss. www.vangssago.no. Den kom “på lufta” for et par veker sidan.

På vegne av styret i Vangssago

 Karin Thauland

___________________________________________________________________________________________

Val  2013

 Åkra krins  ;

 Valdeltak : 76,2  %

 Takk for oppslutnaden !

Røystestyret

_________________________________________________________________

 

 06.10.2012. Bygdalaget er snart 30 år.

Bygdalaget etterlyser bilete frå tida laget har eksistert. Alt er interessant, bilete frå møte, debattar, festar, fiskefestival, kyrkjesøndag, basarar, bingo, dugnad, alt som laget har hatt fingrane borti på ein eller anna måte. Det beste vil vera å senda bileta digitalt til Gunnlaug, eller levera papirbilde som me kan skanna.
Mailadressa er: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

2.09.10. Aktivitetskalendaren.

Har du noko som skulle vore på aktivitetskalendaren, så kan du senda det til oss: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. .