Dette blir ein turmarsj, der det er lov å starta på ulike start- og tidspunkt. Men alle skal etter planen koma til Åkra i 15.30-16.00-tida til eit arrangement i gymsalen. Der vil Bygdalaget syta for noko godt å eta. I tillegg blir det litt underhaldning, eit lite kåseri, premieutdeling og anna. Arrangementet i gymsalen er sjølvsagt opent for alle som ønsker, turgåar eller ikkje!

SAM 1768 11
Her er eit bilete av "skiltet" som står på Bedehusplassen.

Liknande tavler blir sett ut ved kyrkja, i Nedste Brekke, Øvste Brekke, Hillesdal, Fatland, Haugstøl, Svelland, Bauge og ved starten på Sunde i Matre. Det er Edmund Berge som har funne fram til dei historiske tekstane.

Det vil koma meir informasjon her på heimesida i slutten av juli. Sjå også plakatar og annonsering elles.

 I desse dagar legg me siste hand på merking og skilting av løypa.

Me håpar du og dine stiller opp søndag 18. august!

BR