Mai 2012 767 cr
Foto Ingeborg Skålnes

Åkra Bygdelag og Baugstranda Bygdelag har starta eit samarbeid, der me vil setja fokus på tilflytting. Målet vårt er å auka folketalet og få tilflyttarar til området. Me ønsker oss unge familiar.
Pinsehelga 2015 går startskotet for det utvida samarbeidet. Baugstranda har arrangement både fredag og måndag, og laurdag har me slått på stortromma og invitert Eli Janette Fosso for å pensa oss inn på dette viktige temaet. Bygdelaga håper med dette at alle som kjem til oss i pinsen vil tenkja over:
Kva er det som er kvalitetane til bygdene våre, som gjer at me vil bu her?
Kva kan me gjera for at naboen vil bu her og for at familiar vil flytta hit?
Hadde Åkra og Baugstranda vore ein fin plass å flytta til?
Me vil halda tema tilflytting varmt framover. Bygdelaga har planer om å ha eit arrangement i haustferien, og det vil komma fleire i åra framover. Sjølvsagt er alt bygdelagsarbeid til beste for bygda og området, men me vil likevel setja ekstra fokus på tilflytting, som er så viktig for våre små bygder. Me håper arbeidet vil bera frukter!  Trykk her, for å sjå kvart arr. , På tavlo