For Åkrabygda er det veldig positivt at nokon satsar og vil utvikla jordbruket vidare, og det er berre å ønska Reidun og Oddbjørn, Vigdis og Arild lukke til med drifta. Og gratulerer med det nye fine bygget!

Det er faktisk ein trend i Kvinnherad no at landbruket seilar i medvind. Pessimismen frå nokre år tilbake er smuldra litt vekk. Då Landbruksetaten i Kvinnherad kommune vitja Åkra i vår, fortalde landbrukssjef Tore Eik om ein voldsom optimisme. Unge familiar kjøper seg gardar, og nye generasjonar slepp til på odelsgardane rundt om. Gravemaskiner surrar, ny slåttemark blir laga. Og då er det kjekt at det skjer noko her i Åkrafjorden, også!

Då håpar me at mange tek turen til Vedlene onsdag!

SAM 1746 1

BR