Me møtte Åse Farestveit, trufast lærar og adoptiv- mor til tre.se 004-picnik

Korleis havna ein bergensar som deg i Åkra ?
 
Det er kanskje merkjeleg at ein bergensar hamnar i Åkra, men det er ikkje så rart at "ein bergensar som eg" hamnar her. Eg var nemleg ute etter ei bygd på enden av vegen. Og det fann eg jo så absolutt her!

Den gong eg var ferdig med lærarskulen kunne ein velja og vraka blant drøssevis av lærarstillingar. Eg vart merksam på Åkra, som eg aldri hadde høyrt om før, gjennom ein annonse i Bergens Tidende. Det var ikkje berre ein vanleg stillingsannonse. Ein fekk òg vita litt om bygda, nok til at eg vart så interessert at eg fann fram NAF si vegbok og konstanterte at Åkra låg på enden av vegen og difor kvalifiserte til å få ein søknad. No hadde det seg slik at eg ikkje hamna i Åkra det året likevel, for eg gjekk 4. året på lærarskulen i Volda, og reisa mellom Volda og Åkra vart for lang til at det let seg gjera å sjå Åkra på ei helg. (Dette er jo så lenge sidan at kommunikasjonane var heilt annleis enn i dag :-) Dermed hamna eg  i Bjordal i Sogn.. Men eg fekk ikkje Åkra ut av tankane, så om sommaren tok eg ein tur rundt for å sjå kva slags skular eg hadde takka nei til.  Eg vart møtt av Åkra i sommarsol (ja, det var faktisk sol den gongen!), kjende frå Bergen på Åkratur og hyggjeleg betjening på Øyro. Alt saman gjorde sitt til at eg vart overtydd om at det snart kom til å gå ein ny søknad til Kvinnherad kommune...
 
Kor lenge har du budd her ?
 
Eg kom hit i august 1988, så no kan du rekna ut sjølv.
 
Kva er bra med Åkrabygda ?
 
Det første som slår ein når ein kjem til Åkra er den flotte naturen; nydelege fjellformasjonar speglar seg i fjorden. Her skjermar fjella utan at det verkar trongt. Åkra ligg på solsida av fjorden. Her er det lyst og triveleg. I fjellet finn ein ypparleg turterreng, noko eg har hatt stor glede av i lag med min firbeinte turkamerat.
   I tillegg til dei nydelege omgjevnadane vil eg trekkja fram mange hyggjelege menneske ( no er vi jo ikkje så mange her i Åkra, så dei som bur her får føla seg trefte...) Folk er positive og står på for bygda. Familien min har møtt mykje omsorg og omtanke her. Det varmar! Og så kunne eg neppe ha vore heldigare med val av naboar!
   For meg er det òg veldig positivt at Åkra ligg på enden av vegen, med alt det fører med seg. Eg kan nemna roleg og oversiktleg miljø,så ein slepp engsta seg for t.d. innbrot. Lite trafikk, slik at ungane trygt kan få sykla til skulen. Eit mangfald i naturen; ein kan risikera å vera så heldig å treffa på opptil fleire dyreartar på veg til jobb. Frisk luft og svært korte køar!
  
Korleis trivast du som lærar på skulen ?
 
Eg trivst kjempegodt! Eg har alltid likt meg i lag med ungar, så arbeidet mitt gir meg mykje. Det er inspirerande å vera i lag med den yngre garde, og eg tykkjer eg stadig lærer noko nytt. Vi har ein usedvanleg triveleg gjeng på Åkra skule, så det er ei stor glede å jobba der!
   Men samstundes som arbeidet gir meg mykje, må eg å seia at det er ganske krevjande. Sjølv med små klassar og snille elevar er eg ganske gåen etter ein dag på skulen. Dette skuldast først og fremst at vi har lita tid til å gjera alt vi skulle ha gjort. Det kjem stadig nye krav, men vi får ikkje meir tid til å gjera det vi skal. Dette er med på å auka stresset i skulen.

Du er adoptivmor til 3 flotte barn. Fortel om dette!

Kor langt skulle dette intervjuet vera? Når det gjeld mine barn kan eg snakka i det uendelege! Men eg får prøva å fatta meg i korthet...
   At eg skulle få lov til å bli mor til tre flotte jenter, er det aller beste som har hendt meg! Det er eit under frå Gud, slik eg ser det.
For det var ikkje gitt at eg som einsleg skulle få lov til å adoptera korkje eitt eller fleire barn. Då eg tok kontakt med Barnevernet for å starta den første adopsjonsprosessen, vart eg møtt med at eg måtte rekna med å få avslag. Og det var nett det eg gjorde, for den gong i 1997 var det ikkje tillate for einslege å adoptera. Heldigvis endra dette seg, og eg var mellom dei aller første einslege som fekk godkjent adopsjonssøknaden sin i Norge.
Det er nesten ufatteleg at eg skulle få adoptera tre barn i løpet av det relativt korte tidsintervallet mellom at Norge opna opp for at einslege skulle få adoptera og til Kina stengde for adopsjon til einslege. Det er svært vanskeleg for einslege å få adoptera frå andre land i verda. Så no er det i røynda mest umogeleg for einslege å adoptera. Er det rart eg kjenner meg takksam?
   Det har vore utruleg mykje bøn, takk og lovsong knytt til alle tre adopsjonsprosessane, ispedd mykje fortviling og desperasjon! Men det har vore så inderleg godt å merka at Gud har vore med heile tida og stadfesta gjennom Ordet sitt at Han har kontroll og Han ville at eg skulle få adoptera alle tre jentene.
   Kor stort det er å endeleg å halda barnet sitt i armane, kan nok vera vanskeleg å forstå for dei som ikkje har vore gjennom nervepirrande adopsjonsprosessar. Eg har vanskar med å setja ord på kor stort det var. Trur berre eg må nøya meg med å seia at det nok er det næraste eg har vore Himmelen her på jorda. Augneblink fylte av ekstrem lukke!
   No har eg fått vore mor i ti år. Ti år fylte av gleder, signing og slit! Ti år eg aldri ville ha vore forutan! ....sjølv om eg i blant går og nynner på "Husk at denne dag skal du ta vare på. Den forsvinner mellom fingran dine nå. En gang vil du savne slitet,...." For det kan vera lett å mista perspektivet når du står på hovudet i skittentøyskurven omkransa av ungar som skrik og ikkje vil noko av det dei skulle ha vilja. Då å bli møtt med to barnearmar rundt halsen din og orda "Du er verdens beste mamma!"  - Det er berre nåde! Så ufortjent! Men så uendeleg godt!
 
Kva interesser har du utanom familie og jobb ?
 
Rydding, oppvask, klesvask, reingjering, kampen mot hagen sitt opprør....           Nei, var det interesser du sa?
Blir ikkje så mykje tid til det, gitt, etter jobb, husarbeid, oppfølging av jentene.... Men eg er leiar på VING og Søndagsskulen. Dessutan driv eg og skyssar to jenter til dansing på kulturskulen i Rosendal. Må vel seia at hovudinteressa når alt er gjort er å få seg nokre timar på puta. Men eg hugsar ein gong for lenge, lenge sidan då eg likte godt å lesa, løysa x-ord, driva med handarbeide ,gå tur i fjellet ..... Kanskje noko eg kan ta opp att når eg blir pensjonist?
 
Noko du vil seia til slutt ?
 
Tja, det må vel bli at den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves!

JE.