Geir Inge Vågen har på mange måtar vore ein alt-mogleg-mann i bygda. Etter mange år som
avløysar, ein periode med busskøyring,besk p bjelland 001-picnik eit par år med oppussing av Bjelland og diverse andre jobbar, tok livet ein heilt annan veg i september:
 
” Då starta eg å arbeida på Valen Sjukehus !  Og det angrar eg ikkje på !”
 
I haust var planen å arbeida ca.25%, med vakt annakvar helg. Men Geir Inge vart ganske raskt spurt om å auka stillinga, og eine ekstravakta avløyste den andre utover hausten. Tilbakemeldingane er gode, og no i februar startar han i 100%  stilling på ”Lukka sikkerhetsavdeling”.
 
Teieplikta avgrensar vidare prat om arbeidet, men Geir Inge stortrivast saman med eit personale der det ikkje finnast rangsystem i det heile. Og løna er også god, tykkjer Geir Inge.
 
”Me trengte litt meir inntekter i haust. Då eg såg vikariatet i Kvinnheringen, søkte eg og fekk napp. Utan relevant utdanning hadde eg små forhåpningar, men jobben fekk eg heldigvis ”.
 
Geir Inge har no meldt seg på studier til hausten, og dersom alt går som planlagt, kan han kalla seg ”helsefagarbeidar” sommaren 2011.
 
”Får du tid til anna ? Det er jo krevjande å vera pendlar !”
 
”Vel, neste helg skal Ørjan Vika, Sindre T. Dahle, eg og 6 andre vener og slektningar til Manchester for å sjå  United valsa over Portsmouth !  Eg gler meg….”
 
”Har ikkje du vore på Old Trafford før?” spør journalisten.
 
Då dreier samtalen raskt inn på andre saker som Geir Inge er opptatt av:  Bygdalagsarbeid, hustomter og framtida til Åkrabygda.  La oss håpa United vinn 6.februar.
 
br