Me har truffe 4 krabatar som kosar seg i sommarvarmen. Ja, faktisk har temperaturen vore høgare enn normalt i juli, sjølv om sola til tider har halde seg bak skyene og nedbørsmålaren har vist meir regn enn det som er vanleg.

Eg traff først Sigbjørn Tungesvik Dahle ved brannstasjonen. Han er 9 år og skal opp i 4.trinn på Åkra skule.

"Eg gler meg litt," seier han, "det er gym og matte som er mest morosamt !"

Han har ikkje hatt nokon spesiell sommarjobb, men akkurat idag har han rydda heile dagen. "Søskenbarna mine frå Spania kjem i morgon, og då må det helst vera ryddig ! "

Sigbjørn likar best Manchester United, og sjølv har han scora 8 mål på laget til Åkra. "Eg og Oskar er toppscorarar !"

No blandar Asgeir Vågen seg inn i samtalen: " Eg held óg med Man U ! Spesielt Rooney, Valencia og Owen. Det er Lars Emil som er trenar, han er god, men han held med feil lag, eg trur det heiter Liverpool!"

Sommarprat_5No vil Magne Årthun Bergane presisera: "  Liverpool er best, og spesielt Gerrard ! Eg spelar midtbane og keeper sjølv !"

Andrine Vågen skyt inn at ho sjølvsagt er United-tilhengar, ho er forplikta på det i Åkragarden. Ho ser laget sitt på TV saman med faren.

Andrine er 6 år, og gler seg til å starta på skulen i 1. trinn. "Me blir 3 i klassa! Men eg kjem til å sakna barnehagen. Det var kjempegøy å laga dikt om smør!"

Magne fortel at han har vore i Sommarland, Tørdal og Stavanger. I Tørdal skaut han med luftgevær! Han gler seg berre bittelitt til skulestart. Alle tre gutane er enige om at matte og gym er dei beste faga, meir usikre er dei på kva lærar dei får til hausten.

Asgeir og Andrine fortel: " Me har vore på Lillehammer, Hunderfossen og Eikemo!"

Andrine blei redd i "Trollfallet" og gav opp den biten, til gjengjeld har ho overnatta dobbelt så mange netter på Eikemo som storebroren, 4 mot 2!

Etterkvart ville gutane spela litt fotball, og intervjuet løyste seg opp. Asgeir viste gode keepertakter, og redda dei harde skota frå Sigbjørn.

"Ja, dei som har greie på det seier eg har redda nokre opplagte mål på fotballturneringane i vår!  Eg ofrar meg i alle fall!"

Ja, tæl har dei nok av, alle saman!

Sommarprat_2