Henning Hovda (81) sit på den nye 4- hjulingen i strålande haustvermannen som villeut i verda-picnik når eg parkerar ved sida huset kor han og storebroren, Olav, har budd saman og vore ungkarar i 49 år. - Med denne kan eg koma meg kor som helst i bygda, uansett ver og vind, fortel den spreke mannen. Gode historiar ventar og det tek ikkje lang tid før Henning byrjar å fortelje om den gongen han plukka og selde hasselnøtter, noko som var ei god inntekt i "gamle dagar". -Heile 150 kroner fekk eg, seier han og ler. Det var penger som kom godt med og det gjaldt å spare dei. Dessverre blei han kalla inn til tannlegen rett etter, og rekningen? Jau, beint 150 kroner. -Så det vart det, ler han.
Historiane står i kø, men eg må likevel spørja om det eg vart komen for. Henning sit nemleg inne med noko som kanskje ikke så mange på alderen hans har lidenskap for. Det byrja med søstera hans, Gudrun, som drog til Amerika i 1948. Los Angeles var staden, og på 80-talet var Henning og broren Olav reiseklare og tok den lange turen over Atlanterhavet. I åra som følgde, drog Henning til fleire kjende byar i Europa, mellom anna Paris og no sist St. Petersburg, kor han var for berre ein liten månad siden. Rublane baud ikkje på nokre problem, og vinterpalasset var ein fryd for auge, sjølv om han måtte finne benken og sjå på hordane med menneske som forsvant inn, men som aldri kom ut igjen. Henning reiser alltid åleine og folk vart han kjend med underveis. Bror hans er ikkje med lenger då helsa ikkje tillet det. - Ein må nytta tida så lenge kroppen held, og ta ut dit ein vil, seier Henning.- På turane eg har teke, er alle så hjelpsame og eg stolar fullt og heilt på guidene som vart med. Dei tek vare på meg og alle dei andre og passar på at ingen art gløymde. Dei er svært så trivelege! Når Henning legg ut på ein ny ferd, er det ingen som veit. Men dersom helsa held og beina vil bere, er han ikke snar om å hiva seg på ein ny reise mot landa som ligg og ventar! I mellomtida vil eg høyre fleire gode historiar
frå den koselege mannen!

L.V