Inger Johanne Rød Vågen er fødd på Rød i Uskedalen,

som yngstejente i ein søskenflokk på 5. Foreldra er døde no.inger johanne og nissen-pcnik

At dei 4 andre søskena var eldre, vil eg tru herda minstejenta! Etter 7 år på skule i Uskedalen, først gamleskulen, så
nyeskulen, bar det til Rosendal Ungdomsskule. Den mykje omtalte skulen var då splitter ny.
 
Eit år på Sunnhordland Folkehøgsskule ser Inger Johanne tilbake på med stor glede. I jobbsamanheng var det Televerket og Kvinnherad Sparebank som var så heldige å få bruka den driftige dama.
 
Heilt til ho traff Rasmus (Vågen) på dans i Rosendal !  Det vart kjærleik, og Inger Johanne flytta til Åkra i 1982.
 
Det var utan tvil ein stor overgang, men som ho seier: ” Det har gått heilt greitt !  Ein må også gjera litt sjølv for å trivast !  Men utan sertifikat og bil, hadde eg neppe slått meg til her !”
 
Inger Johanne er ei drivande og dugande dame, som har gjort mykje bra for bygda. I ei årrekke har ho vore innpiskar og klubbrådgjevar A i den veldrevne Solglimt 4H. Ei rekke verv i Helselag, Ungdomslag og  Husmorlag står også på CV-en.
 
Ho er god med tal og orden, og fungerer for tida som kasserar i Åkra Bygdalag.  Med den store aktiviteten dei par siste åra, har talet på inn- og utbetalingar aldri vore større der nokon gong. Som kasserar i Bygdalaget følgjer også arbeidet som kasserar i Åkra Hjortevald.
 
”Men elles så har eg brukt åra mine i Åkra på å oppdra og fø 4 barn. Dette har teke mykje tid, og det har vore lærerikt å følgja med på utdanningane deira. Innimellom har eg hatt jobbar i barnehagen, heimesjukepleien, vask i kyrkja, Øyro, Albatross i Matre, BG Suldal i Smiedal og skulen. ”
 
No har Inger Johanne gjort som nesten 50 andre Åkra- og Matresbuar:  Ho har blitt pendlar !
I klesbutikken Marilyn har ho vel 50 % stilling som seljar. Det er førebels både herre- og dameklede i hyllene, og Inger Johanne seier:  ” Kundane er kjempegreie. Eg likar, som du veit, å snakka med folk. Ja , å hjelpa dei med ein god handel ! Sjølv om eg jobbar mykje åleine, blir det likevel ein sosial jobb.”
 
Rasmus og Inger Johanne har fått 4 barn, spreidd over nokre år. Helge er 25 år og odelsgut, og han bur saman med Solrun Saghaug i nabohuset. Helge har fast jobb i Moss&Søllesvik med tømring og forskaling.
Anne Mari er 22 år, sambuar med Marius på Husnes. Ho er ferskvaresjef på EuroSpar Husnes, og med nytt hus, ser det ut til at ho har slått litt rot.
Karin går på høgskulen i Bergen, og tanken er å bli bioingeniør. Jostein bur heime, er 13 år og har mange jern i elden. I det siste har han slått seg på gitarspeling og song.
 
Inger Johanne er også ein kløppar med handarbeid. Ho hjelper fjern og nær med både strikking, hekling, saum, perling og lappeteknikk. ” Eg syr belter og bringedukar til bunader, og likar godt Hardangersaum !”
Og om nokon treng nissar, er Inger Johanne den rette å spørja. Ho har laga mange slike.
 
Inger Johanne nyttar også høvet til å skryta av Åkrabygda.  ”Her er så solrikt, så stille og fredeleg ! Folka her er trivelege, og ikkje minst er det trygt, her !”
 
”Men er det ingenting du saknar inne i fjordarmen, då ?”
 
”Det viktigaste er at eg har ein kjekk mann og fin familie. Skulle eg nemna to ting eg saknar, måtte det vera det å gå meir på besøk,  utan at ein nødvendigvis er invitert ! Berre stukke innom og teke ein kopp kaffi !
Og som den danseløva eg er (i alle fall ei ivrig løve!), saknar eg dansinga og teaterarbeidet i Ungdomslaget.”
 
I romjula får ho sjansen, men det kan de lesa meir om på heimesidene til Bygdalaget.
 
”Ja, også dette med barnetalet !   Me treng fleire barnefamiliar. Dessverre er det litt for mange tomme hus.”

Inger Johanne gjer som sagt mykje godt arbeid i Bygdalag, 4H og elles. Måtte ho halda fram med det….
 
 
BR