Det er siste sommardagen, og sola bryt gjennom tåkelaget som ligg mellom Åkrabygda og Kyrping. Temperaturen er uforskamma høg klokka 10.00 ein søndag morgon, med hausten rett rundt hjørnet. Det krinsar eit par båtar ute på den blikkstille fjorden. Elles søv bygda. Men Anna Wågen er oppe....I serien med intervju av bygdafolk startar me like godt med ein ungdom.

 Litt fakta om intervjuobjektet:

Namn:   Anna Wågen

Alder:   14 år

Trinn på skulen:    Niande

Hobbyar:    Musikk (piano, sang og gitar), hest og volleyball.

Bustad:   Øyro i Åkra.

                         Anna_1_picnik.jpg

Korleis har det vore å veksa opp i Åkra, det er jo ikkje navlen her i verda ?

Det har vore, -og er, heilt flott ! Det beste er vel den utruleg flotte naturen. Det finnast knapt noko finare slike dagar som i dag. Dessutan er det så trygt og godt her, ingen kriminalitet å vera redd for. Det er klart det godt kunne budd fleire folk, men me som er unge er ganske aktive, så me skaffar oss kontaktar når me er ute i verda. Eg trur også det er lurt at me får øving i å kunne leva tett saman i ei lita bygd, for då lærer me oss å samhandla med alle typar menneske. Også dei me truleg ikkje hadde "valt" på ein større plass. Ein må gå overens med alle !

Korleis har det vore å veksa opp med to brør som er tette i alder med deg ?

Det har vore svært kjekt, det. Det er klart det har vore litt kjekling, spesielt med eldste bror, men det er vel ein del av oppveksten, det óg ?  

Sei litt om interessene dine, Anna !

Det er travle veker eg har. Ofte er alle kveldane og ettermiddagane opptekne, mest til musikk, men óg til hest og volleyball. Kristin Schulerud er læraren min på piano kvar måndag her i Åkra. Eg kunne nok øvd noko meir, men det går på fram. Tysdagar og onsdagar er det sangundervisning i Rosendal med Luitgard Kühne. Somme tider er eg med i kor på Husnes, óg!  Musikalar som går i litt "lysare lei" er nok favoritten . Musikk er svært interessant , og eg har hatt god framgang  på alle felt, føler eg.

Eg spelar litt gitar heime, og er inspirert av gruppa Shinedown. Då er det meir populærmusikk eg talar om.Volleyballen er eg ikkje sikker på om eg hadde drive med om eg ikkje hadde budd her i Åkra. Men med godt miljø og alle venene mine med i same sporten, er valet likevel lett. Og det er motiverande å bli flink i noko, same kva ! Dessutan treff me mange hyggelege folk ute på turneringar, både jenter og gutar. Og det å vera ein del av eit LAG, er ei god kjensle fleire skulle fått del i !

Du har utvikla stemma mykje den siste tida, det har eg sjølv høyrt med jamne mellomrom. Blir det nokre høve til å syngja for folk ?

Å, ja. Eg har sunge både i Øystese, Husnes, Rosendal og mange gonger i Åkra. Nokre gonger åleine, andre gonger med akkompangement.

Kva likar du best på skulen ?

Vel, dette er vel litt sært:  TYSK !  I det heile synest eg det er interessant å læra språk. Det er ei tysk jente i bygda no, Elise, og det er spennande å prøva å kommunisera med henne, enten på engelsk eller tysk. Ho er veldig rideinteressert, slik som meg.

Elles er det ei sak med skulen eg også set stor pris på: Skuleferien, og då spesielt sommaren. Det blir mykje bading og avslapping. Jobbing har det blitt lite av denne sommaren.

Og no skal du "gå for presten?"

Ja, det blir vel helst Oddbjørg Heimark som skal ha undervisninga med oss 4 konfirmantane. Eg gler meg til dette ! Undervisninga blir her i Åkra, med ei og anna samling i Rosendal, trur eg.

Kva er den største opplevinga i 2008 så langt ?

Det var nok ACTION i Bø, som Kristen Idrettskontakt (KRIK) arrangerar. Det var 900 deltakarar frå heile landet, og me vart godt kjende med resten av Kvinnheradgjengen. Eg valde sandvolleyball som grein, og det var lærerikt. Eg vil til Bø neste år, óg, om det då ikkje blir for mykje reising.

Eg er nemleg 4H-ar i tillegg, og i 2009 er det Nordisk leir i Breim. Dit skal eg truleg. Plaketten er det endelege 4H-målet for meg.

Har du planar framover ?

Eg har ein sta hest som treng oppseding, ein walisisk ponny. Men du tenker vel kanskje litt år fram i tid?

Kongshaug musikkgymnas fristar veldig, då får eg i tillegg studikompetanse og står fritt i høve til det meste. Eg skal uansett aldri slutta med musikken.

Kanskje får eg spørja deg litt meir om tre-fire år ?

Om tre år, på same tid og same benk. Det er berre kjekt.

                         Anna_2_picnik.jpg

 (br 31.aug 2008)