Ytst i Brekke, i Hagen, bur Steffen Brekke på 95 år, og kona Sigfrid som var 91 år den 11. denne månaden. Eg blir beden inn i den koselege vesle stova. Vedomnen sørger for god varme, og på bordet er det pådekt til kaffimåltid. Sigfrid diskar opp med heimelaga rundstykke og vaflar. Det er to spreke og ungdommelege åkrabuar, sjølv om dei no er dei aller eldste i bygda vår. Syn og hørsel fungerer godt, tanken er klar, og dei klarer seg mykje godt sjølve i kvardagen. Sigfrid steller inne; kokar middag og vaskar opp. Ho bakar rett som det er noko godt til Steffen. -Han er så glad i mjølkekaker og lappar og slikt. Steffen puslar på ute. Han likar å kløyva ved og lø den opp i vedskjulet. Det gjer han både til seg sjølv og til sonen Peder som no driv småbruket i Brekke.

UNG PÅ 20-30 TALET

Sigfrid var nummer to i ein søskenflokk på 6 på ein gard  i Etne. -Då eg gjekk for presten passa eg dei fire barna hos ein lærar. Eg tente 10 kr månaden, og for dei 50 kronene eg tente, kjøpte eg meg kjole, kåpe og sko til konfirmasjonen. Då kom syerska heim til oss og sydde. Frå ho var 16 år måtte ho ut i teneste. Det var tronge tider på 30-talet. Ho var først hushjelp hos dei som hadde gartneri i Skånevik. Seinare var ho taus på gardar. -Tausaskrepper kalla me dei! humrar Steffen.

Steffen er eldst av 7 søsken, og då han var 11 år døydde mor hans av lungebetennelse. Det minste barnet var berre eit halvt år. Det var tøft for faren å sitja igjen åleine med barneflokken uti Brekke, og nokon av søskena fekk bu hos andre for å få det til å gå rundt. Ei søster vaks opp på Djuve. Då han var konfirmert, flytta han til Alsaker på drengejobb. Der vart han verande i fem år, før han reiste i militæret. Det var kortare militærteneste på den tida: 48 dagar på Ulven. -Eg hugsar at me tente 20 øre dagen, så kvar 10. dag fekk me utbetalt 2 kr. Dei gjekk til wienerbrød og slikt. Seinare var Steffen mannskap på frakteskøyter.

DEN STORE KJÆRLEIKEN

Sigfrid og Steffen gifta seg i september 1945. Då var dei 28 og 32 år gamle. Dei fekk tre barn, og etterkvart 8 barnebarn. No er det oldebarna som kjem: 8 til no, og to som er ventande! Dei har rukke å feira diamantbryllaup.  Det vil seia at dei har vore gifte i over 60 år, men enda ser eg at hendene streifar kvarandre av og til gjennom samtalen vår. Eg spør kva det var som dei likte ekstra godt hos den andre. Ekteparet ser på kvarandre og nøler litt. -Nei, det var vel ikkje noko spesielt. Det var den store kjærleiken som dei seier. Me har no alltid trivdes veldig godt ilag. Det tel mest.

Steffen var dreng hos fruktdyrkarar på Nå. Så var det vegarbeid. Han var med og bygde veg både i Ulvik og i Åkrafjorden. Det var tungt arbeid, og til tider ikkje heilt ufarleg. Utstyret var ikkje som i dag. Steffen fortel levande medan han gestikulerer ivrig. Eg snik opp fotoapparatet for å prøva å fanga augneblinken, men då foldar han hendene fint i fanget.

I 1955 kjøpte Steffen skøyta "Aud". Han dreiv med fraktefart til og frå Åkra. Vegen kom jo ikkje før i -70, så alt måtte fraktast med båt. Det var griser og sauer til slakt, murstein, sand, stein, material og allslags utstyr, og folk også. Han skyssa folk til for eksempel sangarstemne, årsmøter, bryllaup og gravferder. Den siste skøyta han hadde heitte Løfjell. Den vart solgt til Stavanger-kanten, og har sidan vorte freda. Etter at vegen kom, vart det mindre med fraktefart, og Steffen jobba på anlegget i Matre sju somrar. Eg lurer på om han har hatt tid til hobbyar. Då kjem det fram at han har ein verkstad. Der ute likar han å vera. Han er flink til å laga stavar. Han finn gode emne med naturleg krok på. Mange i slekta har ein slik stav.

Link til den freda frakteskuta Løfjell: http://norsk-fartoyvern.no/medlem/lofjell/

Sigfrid har alltid likt seg i Åkra. Ho kom frå ein gard med flate bakkar, og tykte det var spennande med berg og knausar. I tillegg til å ta seg av hus og barn, har Sigfrid alltid likt å strikka og hekla. Ho viser fram eit nydeleg hekletøy som er laga av tynt garn. Men no klarer eg ikkje så mykje hekling lenger, seier ho. Det blir mykje strikking av sokkar. Barnebarn og anna familie får seg eit varmt par heimestrikka sokkar kvart år.

Anne-Grethe Kjærstad Berge Nov. 08