VEDTEKTER FOR ÅKRA BYGDALAG

Her er styret sitt forslag til vedtekter for laget vårt. Desse vedtektene blir behandla  på neste årsmøte, over nyttår. Truleg har det vore vedtekter for ÅBL tidlegare også, men me kan ikkje finna dei! Les, tenk og kom eventuelt med forslag til endringar til styret.

1.FORMÅL
Åkra bygdalag er eit samarbeids- og sørvisorgan for bygda.
Laget skal fremja samarbeid og utvikling i bygda og arbeida for eit allsidig kulturliv og eit godt aktivt miljø som kan sikra busetnaden i bygda.
Åkra bygdalag sitt geografiske nedslagsområde er Åkra, Hillesdal og Fatlandskrinsen.
Åkra bygdalag skal søkja samarbeid med bygdalaga i nabokrinsane i viktige felles saker.2.ÅRSMØTE
Årsmøtet er bygdalaget sitt høgaste organ, og skal haldast innan 1. mars kvart år.
Styret skal kalla inn til årsmøte med minst 2 vekers varsel. Alle som bur i bygda kan møte på årsmøtet med tale-, forslags- og stemmerett. Også dei som fyller 18 år innan utgongen av året har stemmerett. Dersom nokon har saker til årsmøtet, må dei leverast skriftleg til styret minst ei veke før årsmøtet.ÅRSMØTESAKER ER:
1.Årsmelding
2.Rekneskap
3.Handlingsplan
4.Forslag
A: Forslag frå styret
B: Innkomne forslag
5.Val
A: Styret med leiar og 3 varamedlemmer
B: Revisor
C: Valnemd på 3 medlemmer3.STYRET
Bygdalaget skal leiast av eit styre samansett av 5 medlemmer og 3 varamedlemmer. Medlemmene i styret og varamedlemmane vert valde for to år. Leiar blir valt på årsmøtet, medan resten av styret konstituerer seg sjølv. Styret er vedtaksført når 3 medlemmer møter. Styret kan på eige initiativ setja ned utval for å arbeida med særskilde saker, og det kan eventuelt setja vekk kasserarjobben til personar utanom styret om ønskjeleg. Valnemd og revisor blir valt for 2 år.4.STYRET SINE GJEREMÅL
Styret skal leia bygdalaget etter desse vedtektene og årsmøtet sine vedtak. Det skal representere bygda og vere kontaktledd ovanfor offentlege organ.
Bygdalaget skal halde bygdafolket informert om ulike saker.5.BYGDAMØTE
Styret kan kalla inn til bygdamøte i større saker som gjeld bygda eller bygdalaget.6.EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE
Styret kan gjera vedtak om å kalle inn til ekstraordinært årsmøte.7.VEDTEKTSENDRING
Endring i vedtektene kan berre skje ved vedtak av årsmøtet.
Endringsforslag skal kunngjerast med innkalling til årsmøte. For gyldig vedtak krevjast 2/3 fleirtal.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

08.04.2013. Postkort.

 

Bygdelaget arbeider med å få trykt opp postkort for sal. Me etterlyser gode bilete frå området i denne samanhengen. Har du eit blinkskot av bygda i sommar- eller vintersol?  Av landskap, dyr, artige situasjonar, sjø, krabbe og hund som badar -  ja, så vil me gjerne sjå om me kan bruka dei. Bileta må ha ein brukbar teknisk kvalitet og leverast digitalt, dvs som vedlegg til e-post. Bileta sender du til denne adressa Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.> innan 20. april. Me kan diverre ikkje lova noko anna enn heider og ære for ytinga, men ein får kanskje biletet sitt på trykk, kjøpt av ein turist og sendt langt vekk til nokon du aldri har høyrt om. Så altså - du leitar og me ventar.

Styret i bygdelaget

 

LivOGLyst

I 2011 søkte Åkra Bygdalag om LivOGLyst-midlar frå Hordaland fylkeskommune, og fekk midlar til eit treårig prosjekt. Søknaden skisserte ein del ideear for tiltak som laget skulle arbeida for å prøva å realisera. Me vart innvilga 300.000 frå HF, og 90.000 frå Kvinnherad kommune.

Nokre av ideane:

ü  Jobbskaping innan turisme/natur og friluftsliv og innan handverk, td. bunadssaum.

ü  Byggja opp og drifta ei tenleg heimeside.

ü  Få til drift av Buo Kafe og Pub.

ü  Integrering av tilflyttarar vhja. samlingar og arbeid med tradisjonshandverk og -mat.

ü  Bok om tradisjonsmat

ü  Småkraftsverksturisme

ü  Badeplass

ü  Gjestebryggje på Øyro

ü  Tilsetja ein prosjektleiar som kan sørgja for framdrift av prosjektet.

Prosjektleiar første året var Samson Øvstebø, sidan vart underteikna Helga Skålnes tilsett. Det første året gjorde ein del hindringar i søknads/tilsagnsprosessen at arbeidet ikkje kom fullt ut i gong, men frå 2012 har me fått gjort mykje. Arbeidsplanen er ambisiøs, og ikkje gjennomførleg på dei tre prosjektåra, men me er komne godt i gang.

I år har det vore arbeidd mykje med kafeen, både med å få til drift i sesongen, og med påbygg. Dette har vore vellukka, og sjølvsagt arbeidskrevande. Me greidde å ha ope juni-august, og er svært nøgde med det. I tillegg har me hatt enkeltarrangement seinare.Tilbygget er straks ferdig, og er blitt flott!

Badeplassen er påbegynt, men det gjenstår litt maskinarbeid og finpuss til slutt.

Gjestebryggja har venta på ein kommunedelplan som nå snart må vera klar, han har i alle høve vore ute til høyring i haust.

Internasjonal kvinnegruppe er aktiv, og har jamnlege møte. Det er som regel godt oppmøte, men alltid plass til fleire. Dei laga til ei storarta grytklututstilling i sommar, den var godt besøkt, og måtte hengja to månader over tida. No er bokarbeidet starta, med fleire kveldar med internasjonal mat, og internasjonal laurdagskafe. Biletsamlinga til boka er alt stor, og det kjem stadig fleire oppskrifter.

Planane framover må leggjast etter at nytt styre i Åkra Bygdalag har konstituert seg, så dei vil me komma tilbake til.

HS

 

Bygdalaget er snart 30 år.

Bygdalaget etterlyser bilete frå tida laget har eksistert. Alt er interessant, bilete frå møte, debattar, festar, fiskefestival, kyrkjesøndag, basarar, bingo, dugnad, alt som laget har hatt fingrane borti på ein eller anna måte. Det beste vil vera å senda bileta digitalt til Gunnlaug, eller levera papirbilde som me kan skanna.
Mailadressa er: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

KVA ARBEIDAR BYGDALAGET MED NO? HER KJEM LITT NYTT FRÅ STYRET:

Året har vore rimeleg travelt så langt. Me har til no hatt to store arrangement, og begge har fått gode tilbakemeldingar frå publikum. Rekebordet fekk eit overskot på ca. 9000 kr, noko me er godt nøgde med. Teaterfesten gjekk med ca. 18 000 kr i overskot, og må kunna kallast ein kjempesuksess! Teatergruppa har gjort ein fantastisk jobb i vinter! Snart er det pinsehelg, og då er det ny kyrkjesundag. I tillegg vil me ha ei felles jonsokfeiring med stort bål i år, så kryss fingrane for vèret. Det er svært motiverande å arrangera noko med så god oppslutnad som det har vore til no!

 

Frå det meir "usynlege" styrearbeidet kan me nemna:

 

1. "Liv og lyst"-prosjektet

Me kjem til å setja inn ei annonse i aviser på Island, der me presenterer Åkra frå alle gode sider, og håpar på same respons som Fjellberg fekk. Målet er å få familiar med born til å flytta til bygda. Annonsa er klar, den skal berre oversetjast til islandsk. I samband med dette prosjektet har bygdalaget kontakta ein del som kanskje har hus til leige. Nokre napp har me fått, men har du noko å tilby så høyrer me gjerne frå deg. I tillegg har det vore forsøk på å finna  arbeid til nytilflytta, og der har me kanskje litt å tilby. Me gler oss til dette vert publisert, og håpar som sagt på mange svar. Skulle du sitja ein plass i Noreg og få lyst til å flytta hit, så tar me like godt imot deg!

 

Kafèen.

Takk til Gunn Laila Jegteberg for god drift, og eit nyoppussa og flott lokale! Framover så er det bygdalaget som skal driva kafèen, og då treng me hjelp av DEG! Her må bygdefolket verkeleg visa dugnadsånda me er kjende for. Sesongen opnar til pinse, og då er det helgene vidare framover ut juni som må fyllast. Juli er høgsesong, og me satsar på å halda ope nokre timar kvar dag. Menyen er opp til dei som held ope, alt frå vafler til middag. Det viktigaste er at det skjer noko der. Alle lag som vil tena nokre kroner må berre melda seg. Leiga er 10 % av overskotet, minimum 100 kr, som går til straum og vedlikehald. Det er mykje utstyr i lokalet, så ein treng ikkje ha med stort sjølv. Dei som har lyst kan melda seg til Samson og få reservert datoen dei vil ha. Me har ansvarlege for skjenkeløyvet, og ein kan avtala med dei om ein ynskjer å bruka dette.

 

Det vert laga til ein platting utanfor Buo, med tak over. Me har søkt om pengar til dette, men arbeidet vil uansett starta snart. Resten av uteområdet vil òg få ei oppfrisking.

 

Badestrand.

Det vert rydda i strandområdet borte ved nausta på Øyro, der mange badar allereie. Det kjem eit lass med fin sand på staden, og me håpar å få til ei renovasjonsordning for å unngå søppel og rot.

 

Ungdomsklubb på Buo.

Denne har starta opp, og datoane framover er klare. Aldersgrensa er frå ungdomsskulen og oppover.

 

Det var fleire prosjekt som var nemnde i søknaden vår, og desse kjem til å koma i sving i løpet av året. Båthamna må venta til reguleringsplanen er klar. Kvinneforum er i full sving, fleire og fleire deltar her. Bokprosjektet deira vil få pengestøtte når det er klart for å starta. Me har hatt to kurs til no, eit i pølsing og eit i konfekt/kakepynt. Me tar gjerne imot ynskje om nye kurs, det kjem meir til hausten.

 

2. Postkort frå Åkra

Dette er snart klart, og vert i sal til sommarsesongen.

 

3. Presentasjon av bygda

Me har planlagt å hengja amplar med blomar på alle veglysa frå bedehuset og ned til butikken. I tillegg skal me bestilla eit handlaga skilt der det står Åkra, og dette skal plasserast slik at ein ser det godt når ein kjem inn til bygda. I forrige veke fekk bygda vår erfaring med radiosending, då Egil Torheim vitja oss. Samson Øvstebø og Signe N. Tjeldflåt gjorde ein svært god innsats som representantar for bygda, og me håpar at mange fekk lyst til å koma hit etter det. I tillegg har me bestemt oss for å verta meir synlege i lokalavisene, og elles gjera vårt beste for å få presentert bygda i alle forum me kan.

 

4. Samarbeid med kommunen

Me har eit godt samarbeid med Karin Thauland og Tore Eik i samband med "Liv og lyst"-prosjektet. Dei har i tillegg brukt Åkrabygda som bakgrunn for ei oppgåve i deira vidareutdanning innan samfunnsentrepenørskap. I haust hadde Samson og Laila eit møte med ordførar Synnøve Solbakken og Karin Thauland på rådhuset, der det vart teke opp litt av utfordringane for bygda i høve tilflytting og næringsutvikling. Dette var eit positivt møte, der me fekk løfte om velvilje og hjelp så langt kommunen kunne. No har kommunen betalt ut dei 30 000 kr som er deira årlege bidrag til "Liv og lyst". I tillegg har me uteståande 20 000 kr i SMIL-midlar, som òg vert utbetalt i desse dagar.

 

LB

 

PLANAR FOR VÅREN OG SOMMAREN 2012

Onsdag 4. april:

Rekebord og LP-kveld på skulen kl. 20.00.

Påmelding til Laila: 99 38 45 23 eller Helga: 95 82 45 28 innan måndag 2. april.

Sjå plakat for pris.

 

Lørdag 28. april:

Premiere på "Kallane i Oladalen". Teatergruppa har øva godt og lenge, og premieredatoen er no klar! Me arbeidar med å få tak i musikk, slik at me får ein god, gammaldags teaterfest igjen. Sjå plakat for meir informasjon.

 

1.pinsedag

Me arrangerer som tidlegare ein konsert i kyrkja denne dagen. I år er det Tore Kloster m/følgje som står for det musikalske. Før konserten er det gudsteneste, og tidlegare på dagen håpar me at det kjem staute menn og kvinner roande frå fjorden. Me serverer suppe på kaien i år, og det vert ein del underhaldning der nede.   

 

23. juni        

Felles båltenning og grilling ved sjøen.

 

August/September

Fiskefestival

 

I tillegg vil me prøva å få arrangert anten ein bingo eller eit kakelotteri før hausten.

 

LAB

 

Styret i bygdalaget 2012:

Leiar: Samson Øvstebø.

Nestleiar: Laila Anita Bakka.

Skrivar: Anne Grethe Berge.

Styremedlem: Heidi Kristin Vågen.

1.varamann: Anita Vindenes Oppedal.

2.varamann: Helge Vågen.

Else Miljeteig fører rekneskapet for laget.

Prosjektleiar for "Liv og lyst" er Helga Skålnes.

 

LAB

 

Årsmelding 2011

 

Styret har vert: Heidi Kristin Mikalsen Vågen (leiar ),Laila Anita Bakka (nestleiar og skrivar), Inger Johanne Rød Vågen (Kasserar).

Samson Øvstebø (styremedlem), Lars Tjelmeland (styremedlem). Varamedlemmer: Helge Vågen og Anita Oppedal.

Valkomite: Peder Brekke, Signe N Tjeldflåt og Trygve Øvstebø.

Desse er på val: Heidi K M Vågen, Inger J R Vågen, Lars Tjelmeland, Helge Vågen Og Peder Brekke.

Revisor Bodil Hjøllo

Åkra bygdelag har dette året hatt 8 styremøte, inklusivt årsmøte.

Saker som me har jobba med er :

# Lars Werner Solheim fra sport 1 kom til Åkra som sykkelreperatør .Lite oppmøte og vått vær.

# Bygdalaget gav kr 1500,- til Vollyball gruppa(MIL) som var til NM.

#Åkra Bygdelag fekk positivt svar på søknaden om deltaking i Livoglyst prosjekte i Hordaland.300 000 kr frå fylke

og 90 000 kr frå kvinnherad kommune.Vi har endelig no i februar 2012, fått Brevet som vi har venta på.

#Heidi K M Vågen var på avspark konferanse, i Røldal, Fredag. 20 og 21 mai. (Livoglyst)

# Felles båttur til Åkrafjordtunet med Ragnar Vågen som kaptein, godt oppmøte.

#Pinse helga: arrangerte Åkradagane saman med Matre IL og soknerådet.Fint ver i år og.Roarar på fjorden,

Sang med Anna Wågen,gudsteneste, beta suppe på kyrkje-bakken og Vestavind konsert med Hanne Krogh og

korjenter fra Team Hanne.

# 11 juni: Marsipan kake på Buo kafe, Feira Livoglyst !

# Buo kafe: Bygdalaget hjelpte Gunnlaila dei fleste Lørdagane sommaren 2011 i kafe'n, pluss at Helga laga til

Rekebord under Pinsehelga.

# Fiskefestival Lørdag 27 August: ein gammel tradisjon blei tatt fram. Eit par små regn byger. 25 fiskarar var med

i konkurransen, dei fleste i båt.

# Pølse kurs: 5 November. Oddny Øyre heldt kurse og 10 personer deltok, svært vellykka.

# Vestlandsk vidsyn-konferanse på Voss 26 & 27 Oktober,. Samson Øvstebø deltok ( ein del av Livoglyst prosjekte)

#Skjer i 2012:

# Kallane i Oladalen: Teatergruppe og skodespelarar som øver jevnleg til framsyninga.

Leiar :

Heidi Kristin Mikalsen Vågen.

 

 

 

26.03.11. Her kjem litt informasjon frå bygdelaget:

Nytt styre:
Leiar: Heidi Kristin Mikalsen Vågen
Nestleiar og skrivar: Laila Anita Bakka
Kasserar: Inger Johanne Vågen
Styremedlem: Samson Øvstebø
Styremedlem: Lars Tjelmeland
1 vara: Helge Vågen
2 vara: Anita Oppedal
Styret vart konstituert på første møtet.

 

Anna informasjon:
*Olav Åkra tar bilete til nye prospektkort frå bygda. Forslag til fine motiv tar me imot med takk.
*Den andre søknaden til Liv og lyst prosjektet er no sendt inn. Me ventar i spenning på svar, det kjem om kort tid.
*Toalettbrakka er opna for sesongen.
*Til hausten planlegg me kurs i gamle mattradisjonar.
*Infotavla på butikken kjem til å få ei lita oppussing i vår.

Åkra bygdelag

 

07.07.10. SMIL-midlar til Åkra Bygdalag !
 
Leiar i Bygdalaget, Venke Ølvestveit, melder om at Kvinnherad Kommune har løyvt 20.000 kroner til det gode Bygdalagsarbeidet. Pengane kjem frå SMIL-midlane i landbruk.

 

7.5.2010. Nytt frå Åkra Hjortevald.

Arild Kvame tek over som ny leiar i Åkra Hjortevald etter Bjørn Rune Bergane som var leiar 1.året.
Det ser ut til at vedtektene fungerer heilt greitt. Dei ulike jaktfelta er nøgde.
 
Truleg blir det ein ”Hjortekveld” ein gong i 2010. Trygve Øvstebø har kontaktar me kan bruka.
 
BR