Namn og alder:  Torbjørn Hovland, fødd 1965.torbjorn_jan-mars_mod

Familie: Kone og fire born i alderen 11 til 17 år.
Bustad: Klepp Stasjon på Jæren.
Yrke:  Daglig leiar Klepp IL + engasjement i
lokalpolitikken. Denne perioden varaordførar i
Klepp kommune.

Utdanning og tidlegare jobbar:

Eg tok fatt på høgare utdanning i vaksen alder. Har i løpet av dei siste 7 åra skaffa meg ein bachelorgrad i samfunnsfag
og personalleiing, samt ein mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing. Før den tida arbeida eg i Misjonsambandet som
forkynnar, nærradiomedarbeidar og leirleiar. Eg hadde også fire år som leiar av NLM ung i Stavanger krins.
Elles har eg drive eit budbilfirma i fire år. Under studietida hareg også arbeida som lærar, avdelingsleiar og bussjåfør.

Korleis er dagleglivet ditt?

Det er vel helst  travelt. Det blir arbeid, politiske møte, tid med familien på ulike aktivitetar,  litt oldboys fotball og møter på bedehuset på Klepp Stasjon.

Fortel frå jobben din.

Arbeidet som dagleg leiar i Klepp IL er mangfaldig. Som de sikkert kjenner til, har me eit av landets beste fotballag på kvinnesida i Noreg. Dette betyr blant anna arbeid for å tilfredstille alle krava frå NFF i forhold til økonomi og anlegg. Klepp har også handball, turn, barneidrett, og sjølvsagt breiddefotball for folk i alle aldrar. Laget har over 1000 medlemmer og ein omsetnad på omlag 9 millionar kroner. Tilsaman er me 4 heiltidstilsette utanom trenarane.

Opplevingar og spennande hendingar

Eg kan ikkje fortelje om dei store grøssarane, men det å ta utdanning i vaksen alder var svært givande og fører til nye perspektiv.  Det er ikkje for seint sjølv om  ein har passert 40 år.

Er det nokon opplevingar / historier som du hugsar godt frå barndommen?

Den tida eg hugsar best er frå dei siste åra på barneskulen.  Då minnes eg godt Yngres i Åkra, leikarringkurs på Baugstranda,  fotballkampar mot Åkra og Matre, fjellturar med skulen og mykje meir.

Nemn positive sider ved heimbygda di.

Det mest positive er at  røtene er herifrå og at eg har nær familie som eg kan reise heim til. Elles vil eg nemn stillheita. Det å ta båten ut på fjorden og høyre kor stilt det er. Det er skikkeleg fint.

Les du på heimesida til bygdalaget?

Nei, den visste eg ikkje fantes. Må nok ta turen innom nå som eg er blitt kjent med sida.

Er du ofte på heimtraktene dine?

Dessverre blir det for sjeldan. Mykje engasjement der eg bur er nok ei forklaring på dette. Men foreldra mine er heldigvis flinke til å besøke barnebarna på Jæren.

Kunne du tenkja deg å flytta heim igjen til Baugstranda nokon gong? Kvifor / kvifor ikkje?

Det er nok ikkje aktuelt. Eg gifta meg med ei jente frå Klepp og har slått rot i lokalmiljøet.

Anna du har lyst til å fortelja?

Eg flytta frå Baugstranda då eg var 16 år. Syntes det var utruleg kjekt å bli spurt om å skrive nokre ord.  (Trudde nok eg var gløymt heilt!).  Elles har eg hatt med meg fleire vener og deira familie til Baugstranda. På den måten fekk eg vist dei bygdene våre. Me brukte skulehuset som overnattingstad. Vil anbefale andre utflytta sambygdingar til å gjere det same.

Vil du til slutt senda ei helsing heim?

Då vil eg helse til Else Marie, Øystein, Stian og Ørjan. Vidare til Agnes og Harald i Søllesvik,  Torbjørg og Olav på Svelland og Brigt på Bauge. Til slutt vil eg helse til dei som eg gjekk på skulekjøkken saman med i 7. klasse.

AGB Sept -09