merete_mod_copyNamn og alder: Merete Sjursen, 33 år
Familie:  Mann og 3 barn. To jenter som er 4, og ein gut som er 1 1/2
Bustad: Bergen       
Yrke: Logistikkmedarbeidar hos Kavli for Q-Meieriene

Utdanning og tidlegare jobbar:
Eg er utdanna frisør, og jobba i 7 år etter at eg tok svennebrev. Tok samtidig  Mesterbrev og Ledarskulen på Bergen Tekniske Fagskule på kveldstid.Etter det jobba eg 6 år som administrasjons- sekretær i Read Well Services. Ei servicebedrift innanforOffshore som driv med brønnlogging og seismikk. I september 2008 begynte eg i Kavli som Logistikkmedarbeidar for Q-Meieriene.

Korleis er dagleglivet ditt?
Hektisk… som for alle andre småbarnsforeldre... ;-) Alle ungane går i samme barnehage, og stort sett er det mannen som leverer om morgonen. Eg begynner på jobb ca. 7, og då kan eg hente i barnehagen rett over 15. Etter middag er det leikog Barne TV, nattahistorie og husarbeid…før mor og far finn godstolen. Ellers prøver me å få tid til familie og venner innimellom, og så likar me å vera ute. Bur ganske landleg, så det er masse fine plassar å gå tur.

Fortel frå jobben din.
Eg har ansvaret for  å motta og registrere alle avvik frå butikkar og terminalar. For eksempel manko på levering, lekkasje, skader osv. Krediteringar og etterfakturering av ekstra ordrar er også ein del av dette. I tillegg er eg bindeledd mellom meieria, transportørar og terminalar / butikkar når det gjeld transport. Alt i alt ein veldig spennande og utfordrande jobb som eg trives godt i!! Og Kavli /Q-Meieriene har eit veldig godt arbeidsmiljø.

Nemn positive sider ved heimbygda di.
Det er ikkje vanskeleg! Baugstranda er vel ein av dei finaste plassane i verda (heilt objektivt sjølvsagt…) Alle kjenner alle, og det bur masse kjekke folk både på Baugstranda, i Åkra og i Matre. Folk er inkluderande, og eg set stor pris på å få vera med på klubb når eg er heima. Det er trygt og godt å veksa opp på ein liten plass, og ungane får god oppfølging når forholda ikkje er så store.

Les du på heimesida til bygdelaget?
Ja, er innom av og til.. Men det bør komma meir stoff og bilde frå Baugstranda syns eg (hint, hint..)

Er du ofte på heimtraktene dine?
Det varierer, og langt ifrå så ofte som eg kunne tenkt meg. Det er så utruleg masse som skal skje i helgene.

Kunne du tenkja deg å flytta heim igjen til Baugstranda nokon gong?
Eg er godt etablert i Bergen, og har faktisk budd her lengre enn på Baugstranda. Trivast godt, og har masse familie og venner her. Me har begge gode og interessante jobbar, og ungane trivast i barnehagen. Men familie og venner har me på Baugstranda/Åkra/Matre og, og  jobbar er det i Kvinnherad,  så tida vil visa…

Vil du til slutt senda ei helsing heim?
Vil helsa masse til familie og venner. Det er alltid kjekt å komma på besøk!!

Red: Anne-Grethe Berge feb. -09