Eg var ferdig i 9. klasse på Åkra skule i 1994, og som 16 - åring fòr eg til Bømlo i 2 år for å utdanne meg til Barne og Ungdomsarbeidar. For å fullføre dette tok eg siste året på Fitjar, der eg også gjekk opp til fagprøve i ein barnehage på Stord, og tok fagbrev.
Etter det flytta eg tilbake til Bømlo, og jobba eit år som praktikant. Eg fant ut at eg ville gå meir på skule, så eg flytta til Fitjar igjen, og tok allmenn påbygg skuleåret 1998/99.
Den hausten traff eg Børge, min mann, som kom i frå Os, og etter endt skuleår flytta me saman der.
No har 17 år gått, og me har etablert eit liv saman her. Børge er kokk, og jobbar for tida som salgskonsulent hos Bama, medan eg jobbar i Nøtteliten barnehage på Søfteland, ein stor barnehage med over 80 ungar.
Me gifta oss i 2002, og har no 4 gutar i alderen 5- 12 år.
I 2006 bygde me oss hus, og bur i eit nabolag med utsikt over Bjørnefjorden. ( Sjøutsikt måtte det være☺)
Me er ein aktiv familie, som er veldig glad i friluftsliv, så ledige stunder i helgane blir brukt mykje i naturen. Ellers går kvardagane opp i fotball, speidar, trampet, dansing, gitarøving, lekselesing, og ellers andre gleder som følgjer med livet som småbarnsforeldre.
Når eg skal tenkje tilbake til min eigen oppvekst i Åkra, dukkar det opp mange gode minner.
Det var ein trygg og god skule å gå på, og det som har festa seg mest på minne er alle fjellturane me gjekk på. Hugsar spesielt godt ein overnattingstur på Vasstølen, der me leika « gje eit lite vink» i skumringa og høyrde skumle historier på kvelden.
Ellers så kunne jo skulevegen vere ei strabasiøs ferd. Det var mange hinder på vegen, så heimturen kunne ta mange timar om ein var skikkelig uheldig. Skumle kyr var det nok av, og inni mellom kunne det til og med dukka opp ein STOR hest. Då var det bare å sette seg på rett side av ferista og vente til ein av foreldra mine var ferdig på jobb.
Granskogen på Tronghaug var og ein stad me sprang kjapt forbi, for der inne i skogen budde det nemlig ein bjørn. Når fantasien verkeleg slo inn, hadde rota både raude auger og var i bevegelse.
Somme dagar når me var tidleg ferdig på skulen eller hadde fri, var det veldig kjekt å ha farmor og farfar i nabohuset. Farmor hadde alltid noko godt på lur, og farfar hadde ein god historie på lager.
Åkra er ein trygg og god stad å veksa opp, og eg skulle nok ønska til tider at våre barn kunne ha same tumleplass rundt dørane. Men for vår del er me nok for godt etablert i Os, til å ønske å forlate det me har bygd opp her.
Til slutt vil eg helsa til mine foreldre, plutselig er det fullt hus ute i Brekke igjen. Frå å vera ein familie på fem stk. i oppveksten, er me no 17 stk. når alle er samla der inne.

Helsing Gunnhild Brekke

Gunnhild

 

Gunnhild.jpg 3

 

Gunnhild.jpg 4

 

Gunnhild.jpg 5

 

Gunnhild.jpg 7