Namn: Robert Vågenrobert7_portrett_200
Foreldre: Gunngjørg og Johannes Vågen
Søsken: Beate, Kjetil og Stig Olav Vågen
Bustad: Strausberg, Tyskland
Yrke: Sjukepleiar

Utdanning og tidlegare jobbar:

9 års skulegang ved Åkra barne- og ungdomsskule, 3 år allmenfag ved Husnes Vidaregående, 3 års studie ved Høgskulen Stord/Haugesund på sjukepleie.

Korleis er dagleglivet ditt?

Bur og jobbar i Tyskland, dit eg flytta i november 2007. Gift med Franziska (Thiem) Vågen sidan 30. juni 2008. Me bur i ein 3 roms leilighet i Strausberg, ein i tyske forhold liten by med 26. 000 innbyggarar, ca 20 min. køyretur unna Berlin. Jobbar i Eichwalde, 30 min sør for Berlin siden november 2008.

Fortel frå jobben din:

Jobbar for eit selskap som heiter GIP, (Gesellschaft für medizinische Intensivpflege), oversatt betyr det "Selskap for medisinsk intensiv pleie". Arbeidet er eit heime-basert 1 til 1 pleie, det vil seia at eg arbeider med ein pasient, og at pleien blir gjennomført heime hos pasienten sjølv. GIP tar kun opp intensiv pasientar, mest pasientar som har hatt eit eller fleire slaganfall, eller som av andre grunnar treng oppfølging 24 timar i døgnet. Eg følger opp ein eldre mann som hadde sitt andre slaganfall i januar i fjor, og har ein innlagt magesonde og trachealkanyle. Spanande og utfordrande arbeid.

robert6_med_koneOpplevingar og spennande hendingar:

Feira eit draumebryllaup 30. juni i fjor i Lakeside hotell i Strausberg. Nydelege omgivelsar, fantastisk dag. Dersom nokon er interesserte i å sjå hotellet der vi feira gå til: thelakeside.de

Er det nokon opplevingar / historier som du hugsar godt frå barndommen?

Ja, mange. Men det eg tenker spesielt tilbake på, er det det gode sammhaldet gjennom mange kveldar med volleyball trening, mange spanande seriehelgar, og mange harde taklingar på fotballbanen seine fredagskveldar.

Nemn positive sider ved heimbygda di:

Noko har eg nevnt allerede, slik som muligheten til å spele volleyball. Det eg ikkje har nevnt er at dette hadde ikkje vert mogeleg utan ildsjeler som kveld etter kveld stod i for aa trene oss, samle inn midler for reiser, kjöyre oss til forskjellige seriehelger osv. Mange mange takk, spessielt til Kurt Reidar. Ps, Volleyball spelar eg framleis.

Les du på heimesida til bygdalaget?

Var inne på heimesida sist helg, blei imponert over kor bra den har blitt.

Er du ofte på heimtraktene dine?

Ikkje ofte nok dessverre, mykje arbeid og lite tid.

Kunne du tenkja deg å flytta heim igjen til Åkra nokon gong?

No har eg budd i Tyskland i 2 år, så eg får sjå kva framtida bringer. Eg utelukker ikkje noko enda.

Vil du til slutt senda ei helsing heim?

Mange helsinger til venner og bekjente. Håpar alt står bra til med dykk.

 

 

 

 Red:Anne-Grethe Berge feb 09.