Namn: Håkon Furdal

 Foreldre: Jon Louis Furdal og Magnhild Eide Furdal
Søsken: Turid, Jostein og Solveig.
Gift med Torill Solstrand og har borna Henrik og Emilie Født 2004,Vilde født 2010 og Vanja 2011

17 mai 2013 800x600

Har sidan mai 2013 budd i Onglavikjo nær Røyksundkanalen på Moster.

Yrke: Jobbar som test ingeniør på Wartsila i Sagvåg på Stord. Kort fortalt går jobben ut på å innstille og ferdigstille elektronikken, hendlar, brytere og indikatorar som er bindeledded mellom brua og motor/gir på skip. Desse styresystema vert bygd på fabrikken i Sagvåg og vi på test er siste instans før produkta vert sent til det akuelle verftet for montering.
I tillegg er eg vald til vervet som klubbleder i verkstadklubben ved bedriften og har medlemmer i Sagvåg på Rubbestadneset samt endel reiseoperatørarer.

Utdanninga mi bestod av vidaregåande med musikk som studieretning før eg byrja i Wartsila i 2007.
No er eg fagarbeidar i Automatikerfaget.
Har og tatt anleggsmaskinførerkurs på egenhånd, og har stor glede av å kjøre litt gravemaskin når sjansen byr seg.
Jobba på Elkjøp frå eg var ferdig på vidaregåande (1998) fram til eg starta i Wartsila (2007).

Tida utanom om jobb brukar eg stort sett saman med kone og barn, katt og hund på Moster.
Går oss små turar på søndagar eller reiser ein tur i området. Vi driv framleis å rehabilitererer huset vi kjøpte, men dei store jobbane som bytte av tak, etterisolering av vegger samt nytt avløp og drenering er i mål.

Familien Jon og Magnhild Furdal flytta til Stord i 1992 sidan pappa helst ville bu der han jobba.
Før den tid gjekk eg 1-5 klasse på Baugstranda skule 1985-1990,og så 6.og 7.på Åkra Skule 1990-1992.
Det var skummelt å begynne på den store skulen i Åkra, men klassen tok heldigvis godt i mot meg som var ny.

Nokon gnissingar, med dei største elevane spesielt, blei det vel.
Då var Ronny god å ha.
Eg hugsar han som uredd, sterk og som ein god ven.
Klasseforstandaren i 6.klasse var Lars Erik Tjeldflåt, om han vil eg seie at han til tider hadde ein tøff jobb med formidle kunnskap til gjengen i 6. Vi kunne være ganske useriøse for å seie det sånn.
Men han såg forbi tøffe tenåringsfasader og såg kva gode eigenskapar som budde i oss, og det fortalde han så ofte han hadde høve.

Sidan 4. klasse gjekk eg på Vollyball i Åkra med Kurt Reidar som trenar, dette var veldig populært den gang. Pågangsmotet og hans evne til å motivere gjorde han til ein enorm resurs for ungdommane i fjorden. Eg tenkjer ofte på gode treningar i Åkra og ikkje minst transporten dit, der vi lett sat 7-8 stk. i Carinaen til Kurt Reidar. Alle som ville, skulle få trene!

17.mai har familien fått som tradisjon å feira med gamle og nye kjende i skulen på Slåke.
Dette er 1.valget til både store og små.

Eg trur nok ikkje eg kjem til å flytte tilbake til Baugstranda slik liva våre ser ut no.
Vi har heldigvis høve til å reise inn og besøke både bror og mor i Furdal så ofte vi vil, så eg kjenner meg nok endå som ein Baugstronding kvar gong bilen rullar inn i bygda.

 

IMG 2222 533x800

 

CIMG9402 800x600

 

IMG 2239 800x533

 

IMG 0231 800x533