Eg blei svært overraska då eg fekk telefon frå gamle læraren Anne Grethe ! Eg lurte først på om det var Cecilie Skog som ringte for dei har litt lik dialekt..:). Det var spørsmål om vera med på ein slik helsing heim , det er berre koseleg å vera med på det!
Eg blei fødd i 1978 då det var flust av gravide på Baugstranda og i Åkra, så me blei sju stykk i klassen.
Då me var klar for vidaregåande, byrja eg på elektrolinja på
Husnes, eg visste ikkje kva eg skulle bli så eg søkte på det same som Ronny og Kjetil.
Seinare flytta eg til Haugesund med kona Inger Johanne, bonus-son Daniel på 14 år og to døtre, Marthe snart 7 år og Ingeborg 4 år.
Me har det triveleg i Haugesund.
Daniel går på speidaren, jentene går på barnedans. Det me går og ventar på no for tida, er at me skal få oss ein hund! Me skal få oss ein golden retriever om berre nokre dagar!
Det var kjekt å veksa opp i Åkra, eg følte ikkje eg mangla noko ting sjølv om forholda var små! Det var få elevar på skulen, så lærarane hadde mykje, mykje raudt blekk til kvar elev…..
Eg hugsar me laga skjerefjøl i forminga. Eg har spurt Daniel om han kan laga ei, men eg veit ikkje om dei har sløyd på skulen lenger..?
Det som for meg er det finaste minnet frå ungdomskulen er då me var på skuletur til Oslo og såg Norge slå England 2-0 på Ullevål!

Vedlagt bilde er frå ferie på Gran Canaria i 2014

 

Asbjrn 800x600