Namn: Siv Margunn Rakvågtur_til_lauparen_23_08_2009_046picnik
Foreldre: Samson og Solveig Øvstebø
Søsken: Vigdis, Sigbjørn og Laila
Gift med Hallkjell og har sønene Krister Andre (16 år)
og Espen (14 år)
Bustad: Fiskarstrand i Sula kommune, rett ved Ålesund
Yrke: Innkjøpar og seljar

Utdanning og tidlegare jobbar: Eg er utdanna agronom ved Tveit jordbruksskule og produksjonsgartnar ved Staup gartnerskole. Eg er
også utdanna aromaterapeut sånn på si. Eg har jobba 10 år i gartneri,
1 år på sjukeheim og vore ansvarleg gartnar nokon år på Plantasjen i Ålesund før eg begynte her. Eg dreiv også min eigen aromaterapisalong
i Midsund før me flytta hit til Sunnmøre.

Korleis er dagleglivet ditt? Det er stort sett jobb, familie og venner på fritida. Eg er veldig glad i å gå i fjellet,  stå på slalom og være sosial. I perioder blir det ein del av å være sjåfør og tilskuar på handballkampar, sidan Espen  spelar handball.

Fortel frå jobben din. Eg jobbar på ei engrosbedrift for planter og snitt. Me kjøper inn frå produsentar og sel vidare til faghandelen. Eg har bestillingsansvar for innkjøp av potteplanter og planteskulevarer. Eg er også seljar og kontorrotte med ansvar for innlegging av varer, handtering av transportskader og retur av blomstercontainerar bl.a.  Ein ganske så variert jobb med både pakking av varer, kundekontakt og papirarbeid.

Opplevingar og spennande hendingar  Eg har vel ikkje opplevd noko ekstraordinært, synes det stadig er nye kjekke opplevingar i det daglege. Men klart at å få ungane mine er noko av det største eg har opplevd. Elles så får eg masse flotte opplevingar av dei imponerande fjella me har her på Sunnmøre, spesielt når ein har utfordra seg sjølv litt og er på plasser der det er stup rett ned og flott utsikt!

Er det nokon opplevingar / historier som du hugsar godt frå barndommen? Barndommen i Åkra syntes eg var flott. Det var ganske så fritt men samtidig trygt. Noko av det eg hugsar best, er nok fjellturane me tok rundt ungdomsskulealder. Då var det ofte me veninnene berre bestemte oss på skulen heilt på slutten av veka og for ned på Øyro og kjøpte snop og fruktsuppe før me for til fjells. Som regel var me på vår hytte, men ein gong var me på Åkrastølen. Det var turar med masse fnising, seine kveldar og  anna som høyrer til den alderen!

Eg må også nemne den tida då eg gjekk aktivt langrenn. Eg har masse gode minner frå den tida ! Me var på trening ilag i eit fantastisk godt miljø og eg hadde foreldre som kjørte på meg og stilte opp.

 

tur_til_lauparen_23_08_2009_017picnikNemn positive sider ved heimbygda di. Det mest positive er nok at det er så trygt og lite. Alle kjenner alle og det er alltid nokon du
kan  spørje   viss det er noko. Må jo seia at Åkra har flott natur og ligg veldig idyllisk til !

Les du på heimesida til bygdalaget? Har akkurat funne sida, men likar det eg har sett !

Er du ofte på heimtraktene dine? Det varierer, men 1-2 gonger i året    som regel. Det er mange timar å køyra, og då blir det ikkje så ofte ein har  høve dessverre.

Kunne du tenkja deg å flytta heim igjen til Åkra nokon gong? Kvifor / kvifor ikkje? Eg tvilar på om eg kjem til å flytta tilbake. Eg har budd 13 år i Romsdalen, og dei siste 7 åra her på Sunnmøre og heile omgangskretsen min er no her oppe. 

 
Vil du til slutt senda ei helsing heim?  Eg vil helsa til alle venner og bekjente i Åkra og ønska dykk alle ein flott haust !

AGB Oktober 09