Åkra Hjortevald består av 5 jaktfelt:

Vika , med areal 5300 daa  (auke med 600 daa då Brekke er innlemma mai 2009)

Øvstebø, med areal 2600 daa

Årtun, med areal 3120 daa

Åkra, med areal 3000 daa

Vågen, med areal 3300 daa. 

Medlemmer er alle grunneigarar i dei 5 jaktfelta.  Dei 5 jaktfelta har kvar sin jaktfeltleiar, og desse 5 dannar styret i Åkra Hjortevald. Sjå elles vedtektene og sjå liste over grunneigarar som ligg ved. 

Planperioden går frå 15. mai 2009 til 14. mai 2012.

Nettleseren er kanskje ikke i stand til å vise dette bildet.  
 
 
 Målsetjinga med Åkra Hjortevald er:

  1. Å auka avskytinga generelt, men likevel ta omsyn til bestanden.
  2. Å få opp snittvekta på dyra ved å ta ut ”skrapdyr”.
  3. Å samarbeida betre innan jaktfelta og i valdet.
  4. Å ta ut eventuelle skadedyr.
  5. Å sikra ei lokal, god forvaltning.
  6. Å auka kvotane med 10 dyr per år, fordelt med 2 per jaktfelt.
  7. Å arbeida ut frå 3-årskvotar og langsiktig forvaltning.
  8. Å vera flinke med Sett-hjort-skjema
  9. Å la storbukkane gå, men kvart jaktfelt kan skyta ein ”tolvtaggar +” / bukk over 100 kilo i perioden. Elles skyt ein 2-3 åringar.

 

Plandata for Åkra. 

Slaktevekter

År Eldre bukk Eldre kolle Åringsbukk Åringskolle Bukkekalv Kollekalv
2003 66 51,1 35 40 18 24
2004 68,6 53,4 44,5 27 29  
2005 72,2 54,5 31,5 37 28 23
2006 60,6 58,9 46,3 36 28 20,7
2007 74,4 55 50,8 41,4 28,8 22,3
2008 70,2 55,3 49 36,3 27,8 28,8
 
 
 
 
 
 Sett hjort

Det manglar ein del observasjonar dei fyrste åra, men dette er registrert. 

År-valdnr Kalv pr.

kolle

Kalv av

alle kjent. %

Kolle av alle kj. % Kolle pr. Bukk Bukk av

alle kj. %

Tal sett Sett pr. Jegerdag Sett pr. jakttime
2003 - 139 3,0 47,4 15,8 0,43 36,8 26 1,18 0,39
2004 – 139 0,5 25 50 2 25 42 2,33 0,78
2004 – 141 0,73 33,3 45,8 2,2 20,8 24 1,0 0,20
2006 – 138 0,60 23,1 38,5 1,0 38,5 44 2,1 0,63
2006 – 139 0,25 14,3 57,1 2,0 28,6 71 2,45 0,56
2006 – 141 0,30 16,7 55,6 2,0 27,8 31 1,07 0,23
2007 – 137 0,53 23,5 44,1 1,36 32,4 34 1,21 -
2007 – 138 0,45 25,8 57,3 3,4 16,9 89 2,28 0,67
2007 – 139 0,33 16,1 49,4 1,43 34,5 107 7,13 1,62
2007 – 140 0,86 31,4 36,4 1,13 32,2 121 1,98 0,45
2007 – 141 0,44 20,0 45 1,29 35 21 1,62 0,47
2008 – 138 0,71 31,6 44,7 1,89 23,7 79 1,27 0,41
2008 – 139 0,62 27,7 44,7 1,62 27,7 107 6,29 1,69
2008 – 140 1,0 36,1 36,1 1,30 27,8 134 5,83 1,71
2008 – 141 0,60 27,3 45,5 1,67 27,3 63 2,33 0,46
 
 
 
 
 
 
 Fellingsresultat for vald 137,138,139,140 og 141
 
År
Tildelt Felt % Eldre kolle Eldre bukk Ung kolle Ung bukk Kolle kalv Bukke kalv
2003 41 22 53,7 7 7 1 3 3 1
2004 38 21 55,3 6 9 2 2 0 2
2005 38 32 84,2 6 9 4 5 2 6
2006 40 27 67,5 5 9 4 4 3 2
2007 38 33 86,8 6 6 5 6 4 6
2008 40 32 80 5 11 5 2 4 5
 

KOMMENTARAR TIL TABELLANE:

Slaktevekta er ikkje spesielt låg i Åkra samanlikna med resten av kommunen, heller tvert i mot: Den er faktisk noko på veg oppover !Også fellingsprosenten er aukande, men historisk alt for låg, med rett over 50 % i 2003 og 2004. Eit større vald, og meir samarbeid i jaktfelta, kan bøta på dette. 3-årskvoter vil gjera det mykje enklare å sjå samanhengen i, -og ansvaret for,  jakta.

Til tider er det mykje hjort å sjå nede i bygda. Enkelte kveldar kan du sjå opp til 50 dyr på ein tur rundt bygda. Det er óg sett mykje dyr etter jakta i 2008. Innover Åkrafjorden og områda Baugstranda, Matre og Omvikdalen er også hjorterike område, så Åkra Hjortevald ligg midt i smørauga.

Jakt er ein ressurs for grunneigarane, som står fritt om dei vil selja kvota eller jakta sjølv. Som bygdalagstenking og i samarbeidsånd  er dette eit poeng:  Ressursar blir att hjå flest mogleg grunneigarar, og ressursane er aukande !  Det er like mykje opplevinga folk betaler for, enn sjølve kjøtet. Og nye generasjonar har meir å jakta på.Vedlagt ligg vedtektene. Der står det kva plan me har for avskyting, og kva kvotar me søkjer om. Det er laga ei førebels utrekning av kvotar for kvart jaktfelt, etter alder og kjønn. Denne kan styret i Åkra Hjortevald endra om ønskeleg seinare. Alle jaktfelta må sjølvsagt vera lojale mot instruksane her og i vedtektene.

Me nyttar same avskytingsprosentar (kjønn og alder) som  Tverrfjell Hjortevald i Omvikdalen. Det tyder at heile 45% av kvoten er ”smådyr”. Dette er grunnlaget for dei auka kvotane. Kvinnherad Kommune vil også at det skal vera slik.

Legg også merke til opninga for å skyta skadedyr. 
 
 

Åkra Hjortevald vil ha minst mogleg pengar i laget, men innser at det er naudsynt med ein kasserar. Det er óg ønske om enkle planar, lite byråkrati og fokus på sjølve jakta.

Som grunnlag for planen, er 3 førebuande møte i Åkra og litt snusing på kva andre har gjort. På møta deltok leiarane i dei noverande 5 valda. På første møtet deltok Leif Trygve Varanes frå Kvinnherad Kommune. På siste møtet deltok 2-3 frå kvart vald, pluss Leif Trygve  Varanes og  Terje Natland frå Kvinnherad Kommune.

Det har vore rundar med høyringar, både formelle og uformelle. 
 

Vedlegg:    Vedtekter for Åkra Hjortevald. 
 
 
           Vedtekter for Åkra Hjortevald 

  1. Desse vedtektene gjeld frå 15.05.2009 til 14.05 2012. Åkra Hjortevald består av 5 jaktfelt med eigne leiarar: Vågen, Åkra, Årtun, Øvstebø og Vika. Jaktfeltleiarane dannar styret i Åkra Hjortevald, og ein av dei 5 blir valt som leiar. Både styre og leiar sit for eitt år om gongen. Ein kasserar vert valt.
 
  1. Etter 3 år skal det gjerast ei oppsummering og evaluering av Åkra Hjortevald i kvart jaktfelt. Kvart jaktfelt er suverene når det gjeld all jakt på sitt område i heile treårsperioden. Jaktfelta kan opne for ulike typar samarbeid undervegs ved felles semje jaktfelta mellom.
 
  1. Jaktfelta kjem med nye innspel etter 3 år, etter erfaringar så langt. Målet er at Åkra Hjortevald skal bestå utover denne første 3-årsperioden.
 
 
  1. Kvotane blir monaleg auka. Kvotane blir å sjå over 3 år, og speglar i stor grad arealet til kvart jaktfelt. Fordelinga av grunneigarkvotar blir gjort i jaktfelta etter dei reglar som gjeld der, og skal gjelda for 3 år.
 
  1. Styret i Åkra Hjortevald melder frå til jaktfelta om eigne, - og eventuelt kommunale, instruksar før jakta. Instruksen dei første 3 åra er, ifølgje bestandsplan:
 
  •  

      A: ”Smådyr” skal prioriterast. Med ”smådyr” meiner me kalvar, halvanna-års-kolle og dyr under 40 kilo.

    B: Store bukkar får gå, men kvart vald har lov å skyta ein tolvtaggar +/ bukk over 100

          kilo i planperioden. Jaktfeltleiaren har oversikten over dette.

    C: Orientér jaktfeltleiaren når dyr er skotne (vekt, kjønn, ol)

    D: Samarbeid så mykje som råd innan jaktfeltet. 
     

  •  

      Desse instruksane må  jaktfelta halda, då dei er grunnlaget for dei auka kvotane. 
       
       
       
       

  1. Åkra Hjortevald er dei som vidarefordeler hovudkvota. For  3 års-perioden blir dei slik:
 
    Jaktfelt Smådyr /kalv ca.45% Åringsbukk/ pikhydning ca. 20 % Vaksen bukk ca. 15% Vaksen kolle ca. 20 % TOTAL
               
    Vika 25 11 7 11 54
    Øvstebø 12 6 4 5 27
    Årtun 13 6 5 6 30
    Åkra 13 6 5 6 30
    Vågen 15 6 5 7 33
               
    TOTALT 78 35 26 35 174
               
               
 

    Fordelinga av kjønn skal vera tilnærma 50:50, og dette må styret i valdet sjå til bli rett over tid. I tillegg sit Åkra Hjortevald (styret) med 6 ekstra løyve i planperioden, som kan brukast til jaktfelt som har skote kvoten sin (1/3 av treårskvoten) og som har vore lojale mot vedtekter elles. 

  1. Kvart jaktfelt kan skyta inntil 2 skadedyr kvar sommar eller før jakta, men desse går av kvota til grunneigar. Dette må alltid avtalast med jaktfeltleiar på førehand og rapporterast valdleiar seinast 24 timar etter felling. Kommunen får så beskjed.

    Dersom ein skyt kolle, skal kalven eventuelt skytast først. Kjevar/ kjønnsdelar skal inn på vanleg vis. 

  1. Etter viltlova kapittel 9 § 41 er det grunneigar som sjekkar gyldige papirer hjå jegeren, og syt for at jakta foregår etter reglane for jaktfeltet og valdet.  Grunneigar kan selja kvoten til annan person.
 
  1. Dersom grunneigar/ jeger bryt vedtekter for Åkra Hjortevald, kan styret vedta sanksjonar som åtvaring og ekskludering. Andre brot på viltlova kan meldast politiet.

    Dersom det oppstår tvistar mellom jaktfelt, eller mellom jaktfelt og Åkra Hjortevald, stiller partane med ein representant kvar i ei tvistenemnd. Som 3.person i denne nemnda sit representant oppnemnt av Kvinnherad Kommune.

      Grunneigar rapporterer på skjema til jaktfeltleiar 2 dagar etter endt jakt. Jaktfeltleiarane tek så desse rapportane med til leiar i Åkra Hjortevald dagen etter, som så rapporterer kommunen. 

  1. Innsamling av kjevar/ kjønnsdelar tek kvar grunneigar seg av. Det kan óg gjerast som samarbeid i kvart jaktfelt. Grunneigar er ansvarleg for si kvote og sine jegrar. Om noko gale skjer, tek grunneigar kontakt med jaktfeltleiaren snarast.
 
  1. Vedtektene byggjer på  ein bestandsplan. Denne ligg ved, og skal eventuelt reviderast etter endt treårsperiode.
 
 
 
 

AVSKYTINGSAVTALE:

Åkra Hjortevald får ei kvote på 180 dyr for dei tre åra 2009,2010 og 2011.

Kvotene blir delt slik vedtektene seier. Grunneigarar, jaktfelt og Åkra Hjortevald er forplikta til å følgja vedtektene og andre instruksar som måtte koma frå  Kvinnherad Kommune. 

For Åkra Hjortevald…………………………………………….   Dato…………………………….

For Kvinnherad Kommune………………………………….    Dato……………………………. 
 
 
 

Plan og vedtekter er laga av valdleiarane, med god hjelp frå Kvinnherad Kommune.

Det har vore 3 møte, med informasjon til grunneigarar mellom møta. Alle merknader har vore samla og nemnde.

Referent og initiativ: Bjørn Rune Bergane, valdleiar Øvstebø /leiar Åkra Bygdalag