Etter at Tørris gjekk bort har det vorte ein annan kvardag for meg og butikken. Eg vil takka alle som viser at dei vil eg skal fortsetja med butikken. Sommaren har gått bra takka vera flinke ferievikarar og gode hjelparar.

No er det blitt haust, og det betyr ei rolegare tid på butikken. No når eg er åleine håpar eg det kan gå greitt å endra litt på opningstidene. Eg kjem til å innføra ein time «siesta» mellom kl. 11 og 12. Då har eg anledning til å henta aviser og å ta meg ein lunsjpause. Laurdagar vert det ikkje siesta, men butikken opnar først klokka 9.30.

Håpar at mange vil komma og handla likevel! Utan kundar er det ikkje liv laga for butikken. På sikt håpar eg at nokon andre vil overta og driva han vidare.

19. oktober er Nærbutikk-dagen, med slagordet «handla lokalt – bruk nærbutikken». Då blir det servering av gratis graut, kaffi og kaker på Sjøbuo. Oppslag kjem seinare.

Oddrun

 nye opningstider