Ulike firma har fått i oppdrag å renska fjellskjeringane frå Brekkesvingane og til 
Sunde i Matre, og no seinare å bolta fjellet fastare.



Som mange andre har eg fått oppleva å venta nokre minutt i med stengt veg. Tida har
ikkje vore keisam!

To karar i tau,  utstyrt med eit tungt spett, har lirka og lura, pressa og drege,
og tusenvis av små og store steinar har landa i vegbanen. Dei største nesten som ein
lite FIAT!

Under har "seniorane" i firmaet brukt maskinar for å fjerna nedfallsfrukta. Dei har
børsta og bore små og store stein.

Av og til har dei også sprunge det dei er karar om:  Frå ein amatør sin ståstad har
det heile sett noko vilt ut!  Steinar har kome ned temmeleg nær dei springande, og
eg kryssar fingrane mine for at det vert det endelege resultatet. Tryggleiken er
viktig. Elles håpar eg resultatet gjev alle køyrande ein tryggare veg.

BR