Åkra oppvekstsenter laga til sin årlege sommarfest torsdag 20.juni.  Med 15 skotske gjester i tillegg til bygdafolket, var salen ganske full. Det var mykje program. I over ein og ein halv time framførte elevane både dansar, sangar, resultat av prosjektarbeid, dikt og parodiering. Ungdomsskulen hadde laga ein fin lærarparodi, der fleire av lærarane vart tekne på kornet. Og på lærarrommet forsvann den store kaka på eit blunk!

Skottane kom frå Åkra sin utvekslingsskule, Lochgilpead. Dit reiser 10.klasse med ein lærar for å følgje undervisninga der i heile september. Dei skotske elevane har fått oppleva overnatting på Vasstølen, cruise på Åkrafjorden, SKL-besøk, vanleg skuledag og mykje meir. Likevel er det 10.klasse som er hovudpersonane på sommarfesten, og denne våren var det berre ei:   Ida Marie Jegteberg fekk sitt fine vitnemål mot slutten av kvelden etter eit herleg måltid laga av foreldra og FAU.

BR