I sommar gjekk Vegard åleine frå Åkra til Hallingskeid. Her fortel han frå turen:

Første etappe: Åkra – Futadalen (Fjella aust for Eikemo)  Tid: 11 timarkra-hallingskeid 22-29 juli 013-picnik

Eg starta turen torsdag den 22 juli. Det regna, og skodda låg tjukk. På Åkrastølen beslutta eg difor å gå nede langs fjorden i staden for over høgfjellet. Men etterkvart kom sola, og det vart fint resten av dagen. Gjekk på den attgrodde stien frå Kvandal til Djuve, og deretter over til Eikemo. Låg i telt halvannan time vidare frå Eikemo, på ca. 700 m.o.h. Nydeleg utsikt her. Gjorde godt med ein solid potetmos- og morrpølse middag.


kra-hallingskeid 22-29 juli 023-picnikAndre etappe: Futadalen – Kvannabotn (nærleiken av Skare) Tid: 10,5 timar

Vakna tidleg av at sola lyste opp teltet. ”Klatra” meg nedover til Londalen, og opp til Hjortedalen. Her laga eg meg havregraut, og tok ein dukkert i elva. Etterpå tusla eg innover dalen på sti, forbi både molter og blåbær. Råbratt dei første hundre høgdemetrane mot Svartenut (1152 moh) , deretter flata det meir og meir ut mot varden. Etter mykje mat gjekk eg vidare nordover oppå høgfjellet. Opp på Skjeggesnut (1367 moh) som er rett attmed fonna, og deretter forbi Blåvatni og ned til Kvannabotn. Fann ein luftig og fin teltplass.

 

 

Tredje etappe: Kvannabotn – Kvanntjødnsbu (Hardangervidda)  Tid: 11 timarkra-hallingskeid 22-29 juli 035-picnik

Eg brukte to timar ned til bygda Skare, mesteparten var grusveg. Etter ein shoppingtur på Joker’n bar det vidare på asfalt og etterkvart grusveg. Viktig med nok mat, kroppen treng ekstremt mykje på lange turar. Etter mange kilometer på veg, gjekk det over til sti. Brukte fleire timar opp den ville Hildalsdalen langs ei stor elv. Planen var å liggja i telt ein stad oppå Vidda, men då eg kom opp såg eg at det var altfor mykje stein. Nesten ingen vegetasjon på denne biten av Hardangervidda. Eg gjekk difor ein omveg til Odda Turlag si sjølvbetjente hytte; Kvanntjødnsbu ca 1200 m.o.h. Kroppen var i opprørstemning etter for hardt kjør, og det gjorde godt å sova mange timar på mjuk seng.


kra-hallingskeid 22-29 juli 070-picnikFjerde etappe: Kvanntjødnsbu – Tyssevassbu   Tid: 8,5 time

Klokka ni var hytta ferdig rydda, og eg gjekk nord/austover på T-merka sti. Strålande ver var det også i dag. Gjekk stort sett på sti på lange, slakke partier. Mykje mindre kupert enn det eg er van med! Eg passerte nokre store regulerte vatn som vert drivne av Tyssefaldene A/S. Tok av frå stien og orienterte meg opp på Blåbergeggi (1561 m.o.h), turens høgaste punkt til då. Vart ei bratt nedtigning til ein dal med mange fine vatn. Her var meir vegetasjon. Så kom eg fram til turisthytta Tyssevassbu. Her var det folk, i motsetning til den forrige hytta eg låg på.

 

 

Femte etappe: Tyssevassbu – Fljotdalssete     Tid: 12,5 timekra-hallingskeid 22-29 juli 110-picnik

Eg stod opp tidleg, og gjorde meg klar til ein lang etappe. Det var skodde på toppane, men det letta etterkvart, og det vart sol og varmt. Følgde ein godt merka sti mot Torehytta, men eg skulle opp til Hårteigen. Denne granittkolossen er Hardangervidda sin vegvisar. Eg tok av frå stien, kom bort til sjølve fjellet, og fann skaret som er einaste forsvarlege veg opp. Etter ein luftig opptur stod eg på 1690 m.o.h og såg titals mil i kvar retning! Vel nede fortsatte eg turen nordover i flatt og lettgått terreng. Passerte turisthyttene Hadlaskard og Hedlo. På sistnevnte sjangla eg inn og bestilte middag, og eg fekk nye krefter. Klokka ni om kvelden fann eg ein høveleg teltplass, eit stykke ovanfor stølen Fljotdalssete.

 


kra-hallingskeid 22-29 juli 185-picnikSjette etappe: Fljotdalssete – Rembesdalsseter   Tid: 9,5 time

Eg vakna klokka seks til ein kald morgon. Laga havregraut på bål, før eg gjekk nordover mot Maurset. Følgde merka sti heile denne dagen. Ved Maurset kryssa eg vegen som går frå aust til vest over Vidda, og eg heldt fram nordover. Etterkvart vart terrenget mykje villare. Ein plass gjekk stien 2-3 meter frå stupkanten, og her var det minst 600 lodrette meter ned til Simadalen. Ein luftig tur i vilt terreng. Etterkvart kom eg inn til kanten av Hardangerjøkulen. Følgde stien langs Rembedalsdammen og til den sjølvbetjente hytta Rembesdalsseter. Her var det fullt med folk, og eg sov på rom med fire andre.

 

 

Sjuende etappe: Rembesdalsseter – Hallingskeid.   Tid: 6 timarkra-hallingskeid 22-29 juli 207-picnik

Det regna om natta, og eg vakna til ein vegg av skodde. Men også i dag letta det, og eg fortsatte turen nordover gjennom klassisk høgfjellsterreng. Bada i ei elv på 1200 m.o.h, det var godt å få av seg litt sveitte. Hygiene er for øvrig eit framandord på tur… Kom fram til turisthytta Hallingskeid klokka halv fire. Denne ligg rett ved sida av jernbanen Oslo-Bergen og Rallarvegen. Med ein gong eg kom i hus, byrja det å tordna og hagla noko voldsomt. Eg valgte å avslutta turen på Hallingskeid. Målet var å gå til Flåm, men fire mil på ein veg hadde ikkje gjort godt for knea.


kra-hallingskeid 22-29 juli 220-picnikÅttande etappe: Hallingskeid – Åkra

Reisedag. Før toget gjekk tok eg meg ein symbolsk rusletur langs Rallarvegen og bort til fylkesgrensa (men kor var skiltet?). Tok tog til Bergen, der det blant anna venta ein softis. Kjekt å vera tilbake i sivilisasjonen, heilt til eg måtte på do. Vasa rundt og leita etter toalett som ikkje var ”i ustand”, og eg måtte i tillegg betala 5 kr. Lengta brått tilbake til fjellet igjen. Eg tok buss til Gjermundshavn, og kjørte med pappa heim til Åkra. Då var eg ferdig med ein flott og samtidig utfordrande ekspidisjon. Fristar til gjentakelse!

Vegard Årthun Bergane , sept. 2010.