VING og Sundagsskulenimg_1102.jpg-sndagsskulen-picnik
 Bedehuset i Åkra blir mykje brukt av barn og unge. Annan kvar tysdag (for dei yngste) og onsdag( for dei eldste) er det VING, og med ujamne mellomrom (les; når leiarane har tid) er det Sundagsskule på lørdagar mellom klokka 15 og 16.30
VING har tett innpå 100% oppslutnad, i alle høve blant den yngste målgruppa.  I haust har det vore stadig stigande frammøte på sundagsskulen.VING og Sundagsskulen har blitt meir og meir like, sjølv om vi prøver å la dei ha sine særpreg, så likar du å gå på VING, likar du nok å gå på Sundagsskulen  òg. 
 
"Sprell levande"
Sundagskulen og VING har gått i lag om å kjøpa Norsk Søndagskole Forbunds undervisningsopplegg "Sprell levande":  Gjennom aktivitetar, song, film, andakt, rollespel og dokketeater får barna bli kjende med den kristne bodskapen. "Sprell levande" verkar gjennomtenkt og byr på mykje bakgrunnsmateriale for andaktshaldarane.  Ved å gå både på Sundagsskulen og VING får barna med seg ein heilskap, sidan vi ikkje har VING eller Sundagsskulen kvar veke.
 
img_1099.jpg-sndagsskulen-picnikSundagsskule
    I haust delte vi Sundagsskulen i to grupper: Åse har ansvar for dei mellom 3 og 7 år, medan Louise driv Barnas Superagentklubb for dei frå 8 år og oppover. Ida Marie og Ania er med som hjelpeleiarar.  Etter kvar sine samlingar møtes vi som regel i salen på Bedehuset og har ein aktivitet i lag. Siste lørdagen før jul var det å baka peparkaker. (Sjå biletserie.)
 
   SLUSH-kurs
 Så mange kjekke ungar treng kjekke, oppegåande leiarar. No vil vi gjera noko for å sikra rekruteringa til leiarrollene framover. Så helga 30.-31. januar innbyr Sundagsskulen til SLUSH-kurs på Bedehuset. Sundagsskulekonsulent Elisabeth Fauskanger har ansvar for kurset.SLUSH-kurs er for 10-14 åringar og inneheld innføring i basis bibelkunnskap, samarbeidsøvingar, bli-kjent øvingar, kunnskap om  "Sprell levande", mange ulike aktivitetar og mykje moro. Vi skal bu på Bedehuset frå lørdag klokka 11 til vi avsluttar  med familiemøte sundag klokka 15.  Invitasjon til kurset har gått ut til sundagsskulane i Åkra, img_1100.jpg-sndagsskulen-picnik

Matre, Omvikedalen, Ænes, Mauranger, Herøysundet og Uskedalen. Det er avgrensa plassar, så ikkje nøl med å melda deg på dersom du kan tenkja deg å vera med som hjelpeleiar på Sundagsskulen eller VING! Ta kontakt med Louise eller Åse for meir informasjon eller påmelding! Tykkjer du det høyrest spanande ut med SLUSH-kurs, men ikkje er heilt sikker på om du vil bli leiar, er du hjarteleg velkommen likevel!
 
img_1104.jpg-sndagsskulen-picnikFamiliemøte
SLUSH-kurset blir avslutta med eit familiemøte på Åkra bedehus søndag 31. januar klokka 15. Elisabeth Fauskanger skal halda andakt. SLUSH-kurs deltakarande deltek med ulike innslag. Det vert enkel bevertning og dessutan vert det kollekt til sundagsskulekrinsen. Alle er velkomne på familiemøte!
ÅF