Som liten gut i Åkra, hadde Ragnar Vågen ein draum.  Han ville bli skipper på eigen båt, og helst ein noko større ein. Og båtlivdsc_0185.jpg-skyte-picnik har det vore mykje av, både med eigne båtar og gjennom å disponera ”Vågen”. (”Vågen” vert forresten 60 år den 12. august 2011.)
 
Men på frigjeringsdagen 8.mai 2010 skjedde det:  Ragnar tok turen til Sunde og kjøpte seg eit mykje større eksemplar av arten. ”Det var to kjekke brør, Edvin og Hallvard Hammerø, som selde meg båten,” fortel han.
 
Båten er bygd i Ottersøy i Vikna, og er ein Nordlandskuttar. Han er 43 fot lang, noko som blir rundt rekna 13 meter. Sjølv om båten vart bygd på tidleg 1930-tal, og såleis tilhøyrer ”besteforeldregenerasjonen”, er båten på topp når det gjeld tryggleik.
 
”Dei første åra brukte dei båten kombinert i fiske og skuleskyss, seinare har han vore fiskebåt,” seier Ragnar entusiastisk. Første namnet var Aud, sidan har båten skifta namn ei rekke gonger: Turid-Anita, Vågøybuen, Kvitholmen og Hammerfisk.
 
dsc_0493.jpg-skyte-picnik”Men eg vil kalla vidunderet for Sjøbris !”, fortel den nye eigaren.
 
Farten på Sjøbris er rekna til 8 knop i det daglege, og det går med 11-14 liter diesel i timen.  Fartøyet er i god stand, men den nye eigaren vil gjera noko oppussing og utbetringar:
 
1.       Laga salong bak styrehus for passasjerar.
2.       Dekket skal slipast  og oljast.
3.       Laga ny lukekarm med nedgang til til lasterom ( 2 nye doble køyer her pluss vasstank/ skap !)
4.       Montera dusj og oppfiksing av toalett
 
”Bygdafolket har verkeleg teke godt i mot Sjøbris !” skryt Ragnar. ” Eg har køyrt 4H  på tur, skyssa arbeidsfolk, hatt 2-3 turar til Langfoss og så har eg vore med på arrangementet i samband med Osvald Bjelland sin 50-årsdag !”
Ikkje lite første månaden. Ragnar kan med Sjøbris tilby ”Nostalgisk tur på fjorden”, dsc_0509.jpg-skyte-picnikog sjølvsagt frakt av dekkslast.
Villsauene på Bjelland måtte også på båttur, for å koma seg over fjorden.
 
”Men først og fremst er dette hobbyen min frå barndommen av. Eg håpar helsa held seg god, så eg får bruka Sjøbris så ofte som råd !” avsluttar Ragnar.
 
 
Br