Tysdag kom luksus yachten “Northlander”  og la til kai ved Øyro i Åkra.

Om bord er eigarane og eit mannskap på 6. Det er nok den største northlander.3 jpg-picnikyachten me har sett her i bygda. Då eg var nede for å ta nokon bilete av den enorme og flotte båten, møtte eg kaptein Peter Davey frå New Zealand. Han fortalte villig om turen dei har hatt langs heile Vestlandet, frå Trondheim til Stavanger. Eigarane har venner i Lofoten, og har vore der i bryllaup. Båten har vore innom mange av dei spektakulære fjordane våre, og besøkt fleire byar på vegen.

sommaren 2010 002-picnikI dag var yachten på veg inn til Langfoss, men veret gjorde at dei la seg til kai i Åkra. Eigaren frå Canada er om bord. Når den 124 fot lange båten er ledig, kan du leiga den – om du har råd, for 90.000 euro i veka. Det finst berre ein båt av denne typen. “Northlander” er laga på Moonen verftet i Holland. Fleire bilete og film av båten finn du på http://www.camperandnicholsons.com/charter/search/-/page/charter-yacht-profile/yid/6313/st/2/

      Anne-Grethe Berge 24.08.10