Når du går "rundt bygda" i Åkra, kan du sjå eit brunt og grått hus med uferdig tak heilt nede ved elvekanten. Menn i arbeidsklede er i hektisk arbeid for å ferdigstilla kraftverket til Vika Kraft AS. Med ei røyrgate på 3 km, 404 m i fallhøgde og ein peltonturbin som produserer 4,1 MW, er det bra storleik på anlegget. Det har vore mykje å hengja fingrane i det siste året for både utbyggjar, lokale anleggsarbeidarar og større entreprenørar.

Kraftverk_1_picnik.jpgKraftverk_2_picnik.jpg                       

Til venstre ser du f.v. dagleg leiar i Vika Kraft Arild Kvame, styreleiar Lars Emil Berge og styremedlem Rune Dahle utanfor kraftverksbyningen. Til høgre kan stolte eigarar lena seg mot turbinen og generatoren, som til saman ragar  fleire meter over golvet. Ei stor mobilkran heisa den 13 tonn tunge turbinen gjennom taket, og etterpå vart ein generator på 17 tonn senka ned på turbinen.

SNART PRØVEDRIFT

Arild Kvame viser meg rundt i stasjonen. Det meste byrjar å sjå ferdig ut, men her er fortsatt folk som jobbar. Eg lurer på når opningen er. -Det vert prøvedrift i veke 37. Det er stort sett kjøling og styring som står igjen no, før me kan byrja å fylla røyrgata med vatn. Det tek eit par dagar, og så er me klare til å testa anlegget. Den offisielle opningen vert nok i november, og då vert det ope for alle til å komma og sjå kraftverket.

EIT LÆRERIKT OG TRAVELT ÅR

Eg lurer på korleis det siste året har vore for Arild som er dagleg leiar, og i tillegg har vore innleigd til hovudentreprenøren BG Suldal for å jobba både på dammen og huset. - Einsarta og fokusert på kraftverket. Nokon gonger har det vore slitsomt, men det har gått bra, og då ser eg positivt på det. Året har vore både krevande, interessant og lærerikt. Me er heldigvis fleire som brenn for dette. Det hadde ikkje gått om det var eg åleine som skulle driva kraftverket framover.

FRAMTIDA

- Kva er planen no når kraftverket er ferdig? - Eg skal kobla av med hjortejakta! sukkar Arild med eit drøymande uttrykk. - Trur du kraftverket vil verta eit gode for bøndene og Åkrabygda? - Utvilsamt! Det har vore eit stort mål for oss å sikra økonomien for gardane i framtida. Me har forma vedtektene slik at fallrettane følgjer eigedommen, og den som eig garden har forkjøpsrett til aksjane. Me ser på dette som ei langsiktig investering.

Kraftverk_3_picnik.jpg               Kraftverk_4_picnik.jpg

I trafo-rommet treff eg Rune Dahle som monterer utstyr (bilete til høgre). Han kan fortelja at transformatoren veg 8,2 tonn og vart rulla på plass i rommet. Den skal transformera straumen opp frå 6600 V som kjem frå generatoren, og til 22kV som er standard på fordelingsnettet.

TURBINEN

Frå generatorrommet klatrar me ned ein stige og kjem under turbinen (bilete over til venstre). Me ser dei fem dysene som slepper vatn på turbinen i ein fart på 240 liter i sekundet. - Eg har høyrt at vasstrålen er så kraftig at du kan slå på den med ei slegge, og slegga vil komma tilbake mot deg, seier Arild. Den blanke turbinen har 23 skåler, og den går rundt med ein fart på 1000 omdreiingar i minuttet.

Kraftverk_5_picnik.jpg                   Kraftverk_6_picnik.jpg

SINUS ELEKTRO

Nokon meter opp i lufta, sit Eivind Mugås frå Sinus Elektro (over t.v.). Han koblar til høgspentlinjene i generatoren. I neste rom finn eg Ørjan Engstrøm (over t.h.), frå samme firma, som trekker styrekablar til generatoren. Firmaet har jobba her i ein månads tid no, og reknar med å verta ferdige i neste veke. Dei to likar å reisa rundt på kraftverk. Då får dei brukt mykje av kunnskapen frå fagutdanninga. -Ja, så lenge kona synst det er greit at eg er ein del borte!.... seier Ørjan med eit smil.

KRAFTPRISANE

På tampen spør eg Rune, Arild og Lars Emil om kva dei trur om kraftprisane framover. - Prisane er jo litt avhengige av vinteren, men ekspertar seier den vert jamnt høg.... kanskje 40-50 øre, og me kan berre høyra kva dei seier. Me treng litt over 20 øre pr kWh for at kraftverket skal bera seg. Prisen vert nok meir stabil når kablane til Nederland, Danmark, Sverige og Russland er i full drift. Mellom kvart spørsmål frå meg, byrjar samtalen å gå mellom mennene. Det er hektisk planlegging av aktiviteten fram mot prøvedrifta. Eg forstår at det er mange detaljar som må tenkjast på, takkar for meg , og lar karane arbeida vidare i fred.

FLEIRE KRAFTVERK

Det vil komma fleire kraftverk i bygda. Asbjørn Miljeteig er godt i gang med bygginga ute på Alsaker, og det skal komma eit kraftanlegg i Åkraelva. Det siste er eit samarbeid mellom grunneigarane og SKL.

Anne-Grethe Kjærstad Berge 03.09.08