Fonna på ski! 
Vegard og Louise på ski på Fonna for første gong

 

fonna_skitur1

 

Det var ikkje slik som dette veret var denne første helga i mai. Opp frå Godalen laurdag small regnet i ansiktet, og heile følget vart kalde og våte. Fonna vart kryssa, og ei rast inne på Holmaskjer gjorde seg. Så vart Fonna kryssa att, og følget overnatta på Fonnabu (biletet)

 

fonna_skitur2

 

Vegard, Louise og resten av følget hadde planar om å gå Fonna sørover mot Rosendalsfjella søndagen, men turleiarane valde heller ein tur på Fonnatoppen, ned Keisarstien og heim. Det var ei stor oppleving for ungdommane.