Nær 150 menneske kom på kyrkjejubiléet i Åkra 1.pinsedag 2010.

Og det er lenge mellom kvar gong ein høyrer slik fin salmesong i benkeradene.kyrkjejubileet 2010 002-picnik Koret i Åkra, som trør til kvar jul og ved høgtider elles, leia an og fekk kyrkjelyden med seg.
Per Lønning heldt preika. Sjølv om den tidlegare biskopen  har fylt 82 år,  viste han at både tanke og stemme var intakt. I preika forklarte han om pinsa, også kalla ”fødselsdagen til kyrkja.” Han trakk trådane bakover til påske, og orda læresveinane då ikkje skjønte meininga med. Peter og alle dei andre såg alt i eit anna lys i den første pinsa.  Gnisten og motet var kveikt !
 
kyrkjejubileet 2010 012-picnikI pausa hadde Bygdalaget fiksa god betasuppe. Og veret var akkurat passeleg til å nyta denne ute på kyrkjebakken.
 
Vel inne fekk Per Lønning til tid til å seia litt om salmediktninga si. Den første salma han laga var til bestemora si, med kjent melodi og ein tekst som lovpriste henne opp i skyene. Seinare har han laga mange salmer, dei siste åra har han også laga melodiane. Han avslutta med ei ”salmevise” som han fekk inspirasjon av då han vart operert på sjukehuset og var temmeleg lei. Men då sjukepleiaren opna for sola, kom inspirasjonen momentant.
 kyrkjejubileet 2010 014-picnikLars Eirik Tjeldflåt las med innleving eit utdrag frå skulestova sett med Bjørnson sine auge. Sokneprest Sven Harald Nilsen, som bandt det heile saman, overlot då ordet til lillebror Inge Lønning.
 
Han hoppa litt fram og tilbake i tid,kyrkjejubileet 2010 008-picnik men på ein måte som var både interessant og lærerik. Han starta med Luther, som hadde store mål som pedagog:
Med 1-2 skuletimar pr dag skulle elevane læra å lesa tysk, hebraisk og latin.kyrkjejubileet 2010 016-picnik Matematikk og historie høyrde også med, og den nye kristendommen var sjølvsagt basisen. Han hadde tru på at barna ville læra, og kunne læra,  uendeleg mykje, om berre læraren hadde god relasjon til eleven.
 
Då konfirmasjon vart innført i Noreg, måtte det litt skulering til her også. Omgangsskulen heldt til på gardane, ofte ei veke på kvar plass. Det var bygda sjølv som betalte løn og anna, ei løn som ofte var skral. Elevane pugga Luther og Pontoppidan til dei var klar for konfirmasjonen.
 
Skul-Erik var lærar i omgangsskulen. Først nokre år på Skånevikstranda, sidan mange år i Åkra. Etter kvart skulte han i heile Åkrafjorden. 97 år gammel døydde han, etter å ha levt 74 av desse åra med si kone Ingeborg. Med 9 barn hadde det vore tøffe tak, men dei var ikkje av den rasen som klaga.
 
Inge Lønning avslutta med å trekka parallellar til vår tid, der me på grunn av ”pengefikseringa” og ”dei gyllene” tidene har mista fleire av dimensjonane ved det å vera menneske. Foredraget var ypparleg; personleg, nært, lærerikt og til tider humoristisk.
 
Sjå meir i lokalavisene.
 
BR