I Åkra Oppvekstsenter er det visse omrokkeringar frå tid til anna.

På grunn av permisjonar og anna, var det no i haust naudsynt med ein ny læraranna_hellevang_kra-picnik i 5.-7.trinn. Og napp vart det: Anna K. Hellevang har så vidt starta opp.
Me vil ønska henne lukke til i Åkra !

    

     1. Du har fått jobb på Åkra skule. Velkomen ! Kvifor valde du å begynna her ?

Eg kjem sjølv frå ein liten plass og er oppvaksen på bondegard, så det var veldig kjekt for meg å få byrje å jobbe som lærar i Åkra. Den minner litt om Randabygda i Stryn i Nordfjord der eg er kjem frå. Eg ser fram til å vere klassestyrar for 5. – 7. klasse og var glad over å få moglegheit til å kunne leie ein klasse.  
 

     2.Sei litt om utdanninga di og praksis/ erfaring i skuleverket og arbeidslivet ?

Eg har jobba som lærar dei siste to åra på ein tilsvarande barne- og ungdomsskule, nemleg Hatlestrand skule. Før det jobba eg fleire år i avis, og mange kjenner meg som journalist i Grenda. Denne bakgrunnen nyt eg godt av som norsklærar. Eg har vidare mastergrad i journalistikk frå Bond University i Australia i 2004. Der lærte eg betre engelsk som kjem vel med som lærar i engelsk. Eg skal også mellom anna undervise i samfunnsfag og gleder meg til å bruke utdanninga med historie mellomfag. Som del av cand mag graden, som var fullført ved NTNU i Trondheim, har eg også studert film, fjernsyn og video. Det kan godt hende eg blir involvert i filmprosjekt i Åkra.

Eg er også stolt over å  vere presentert med ein artikkel i norsk læreverk for ungdomsskulen utgitt av Gyldendal forlag. Artikkelen handla om to nordmenn som kryssa Grønlandsisen.  
 
      3. Interesser elles ?  Idrett/ skyting ?

Om vinteren likar eg å gå  på ski. Eg driv med skyting, og ein del av fritida går med som leiar i Omvikdalen skyttarlag. Eg har dei seinare åra også vunne NM i skifeltskyting og NM i skogsløp med skyting. Vonleg er det fleire unge som vil bli interessert i denne sporten der ein kan kombinere springing eller skigåing med spenninga med å treffe blink.  

         anna_hellevang_matterhorn-picnik4. Kva har du gjort i ferien ?

På fritida likar eg å reise og gå i fjellet. I sommar var eg på toppen av Matterhorn i Sveits, eit klatrefjell med vanskegrad 3-4 som er 4478m. Det var luftig enkelte stader, og ein må unngå å bli høgdesjuk. Det var ei flott oppleving å stå på toppen av fjellet, i strålande sol og vite at ein hadde klart alle utfordringane med å  kome opp. Høgderekord er Afrika´s høgaste fjell, Kilimanjaro, med 5985m. 

         5. Du er ansvarleg for Kvinnherad kommune sine heimesider. Har du tips til oss i Aakrabygda ?

Eg jobbar med å få til ei ny nettside for skulen i Åkra og vonleg vil den bli oversiktleg og grei. Det ser ut som Aakrabygda har god kontakt med skulen og det er jo flott. Kanskje vil det bli aktuelt å få til skyting gjerne kombinert med skogsløp i Aakra i samarbeid med skulen? I alle fall var det god respons på skogsløp med skyting sist veke på Midthølen der fleire born frå Åkra deltok.  

         6. Kan det bli aktuelt å  flytta til Åkra ?

No har eg jobb eit år førebels, så det blir nok ikkje flytta til Åkra med det første. Men det er jo flott å køyre forbi skytebanen på veg til jobb, og då kan jobben lett kombinerast med trening etter jobb både på Midthølen med skyting eller i Fjellhaugen på ski om vinteren.  

          7.  Anna ?

Eg vil takke for den gode mottaking på skulen både blant tilsette og elevar. Berre etter ei veke på jobb, må eg seie at det har vore berre positivt, og eg trivst alt svært godt i Åkra.  
 

BR