Åkra oppvekstsenter tok ferie med sommarfest måndag 21.juni.   Denne gongenbilde 257-picnik var det mange musikalske innslag, og det starta med ein medley framført av ungdomskuleelevane. Dei halvgamle i salen kjente igjen Pink Floyd, Queen og Robbie Williams, og Geir Clement Wågen prøvde med godt hell å etterlikna to av dei beste gitaristane i verda, Brian May og David Gilmour ! Øv på, du har talent…..
 
Og sangen var fin, både gutane og jentene trakka til, stort sett utan mikrofonar. Og publikum var nøgde !
 
bilde 266-picnik21.-2.trinn song vidare. Det var utrygt for ”Alle duene” då dei tre jegrane kom !   Og Lillebjørn Nilsen sine sangar fengar alltid godt.
 
 
3.-4.trinn dansa  og song ”Bind deg ein blomekrans” og ein kanonisert ”Reven, rotta og grisen”. God takt og tone !
 
 Mikal Øvstebø og Heidi Ø. Kvame spela hovudrollene i 5.-7.trinn sitt sjølvkomponerte teaterstykke om ”Selkvinna”, basert på ei segn frå Færøyane. Flott levert, og med fleire poeng til ettertanke. Humoristisk vart det då dei skulle ut og ro: Det var mange ”utradisjonelle” teknikkar !
 
Tilslutt viste Gunnlaug V. Tjelmeland  bilete frå barnehagehalvåret. bilde 269-picnik2Rektor Signe N.Tjeldflåt oppsummerte skuleåret mellom innslaga.
 
Etter god og heimelaga mat, fekk dei 4 avgangselevane vitnemåla sine. Det var Jon Sigvald Tjelmeland, Kari Janne Furdal, Anna Wågen og Sondre Bauge Vika. Lukke til vidare, alle fire !
 
 
BR