Solglimt 4H laga laurdag 11. oktober til haustfest. Dei 15 medlemmene hadde alle lagt mykje arbeid ned i sine respektive oppgåver, og alle oppgåvene vart godkjende.

 

4h_fest_1

 

Styret 2008: Anna Wågen, Lene Kristin Jegteberg, Louise Årthun Bergane, Johannes Wågen og Vegard Årthun Bergane. Tormod Øverland var ikkje til stades.

Denne gongen var det fleire som jobba i lag. Tonje Solheim, Liv Torunn Tjelmeland, Lene Kristin Jegteberg og Tormod Øverland hadde som oppgåve å arrangera fylkesleir, noko dei klarte med glans i juni.

Ceir Clement Wågen, Josten Vågen og Vegard Årthun Bergane hadde laga bedrift med namn "Bjørketorsken". Dei har prøvd det meste frå minkfangst, rypesnarer, blåbærplukking og rønnsakdyrking. Men som namnet seier, har det gått mykje på fisking og vedhogst.

 

4h_fest_2

 Her er plakaten til bedrifta Bjørketorsken.

Marta Tjelmeland hadde baking som tema. Ho seier ho har brukt mykje tid på oppgåva, og at ho vil vera med vidare i 4H. Og det såg verkeleg godt ut, det Marta stilte ut !  "4H-leiren var veldig kjekk, eg var med på skyting som hovudaktivitet, "sa ho til journalisten etterpå.

 

4h_fest_3

 
Marta Tjelmeland framfor utstillinga si.

Imponerte gjorde óg 12 år gamle Samson Olai Ø. Kvame med sitt trearbeid. Ikkje bare hadde han laga sitt eige kontor heime, men han stilte óg ut ei flott trekorg. Det hadde gått med mykje tid dette året, sa han. Men halda fram i 4H, ja, der var det ingen tvil. Samson Olai arbeider også for fullt i fjøset heime på garden, med mjølking og foring.

 

4h_fest_4

 

Samson Olai Kvame er verkeleg eit talent.

Som vanleg var det leikar og konkurransar.

 

4h_fest_5

 

Det er vanskeleg å flytta erter frå kopp til kopp med teskei i munnen.

Nokre av deltakarane presenterte sine prosjekt, blant anna sang Anna Wågen til akkompagnement av sine to lydige og lærenemme elevar, Marta Tjelmeland og Jostein Vågen.

 

4h_fest_6

 

Jau, då, dei kunne sine ting desse tre!

Det var som vanleg framifrå mat, og ganske rikeleg, ettersom det kom færre folk enn vanleg. Inger Johanne Vågen og Anna Sigrun Furdal fekk blomar og fine ord frå foreldra.

Ein representant frå 4H, fylket, ved namn Espen, delte ut ein fin diplom for den flotte gjennomføringa av leiren i sommar.

BRB